Det er svært uvanleg at ein samla stortingsbenk møter opp med ein så tydeleg bodskap som det dei fem stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane gjorde sist veke. Dei fem fryktar at handlemåten til Helse Førde-leiinga skal svekkje omdømet til helsestellet.
Dessutan har ei gruppe ordførarar klage til statsråden på måte Helse Førde blir drive på.
Statsråd Ansgar Gabrielsen vil ha ein skriftleg rapport. (Foto: Erlend Aas, Scanpix)
Mange kritiske
For styret i Helse Førde har kome på kant med mange i Sogn og Fjordane, etter store omveltningar i Lærdal, Florø og på Nordfjordeid, i tillegg til at mange er kritiske til lukka styremøte, tilseiingar uten utlysing og diverse uheldige ytringar frå Helse Førde-toppane.
Uvisst resultat
No vil helseministeren sjå på saka sjølv. Kva det endelege resultatet av helseministeren sitt intiativ vil bli, seier statsråden ingenting om i dag.
- Eg vil ikkje felle noko dom over det her og no, seier statsråd Ansgar Gabrielsen.