Hopp til innhold

Helse Førde vil rydde opp

Etter mange klager og negative omtalar, vil Helse Førde endre rutinane for pasienttransport.

Helse Førde vil rydde opp i rutinane med pasienttransport.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

På eit oppvaskmøte måndag gjekk Helse Førde inn for å bli langt meir selektive i å ha fleire pasientar i same bil.

Fruktbare diskusjonar

Klinikkdirektør Terje Olav Øen seier at dei i tillegg vil prøve å hindre at pasientar i Bremanger må byte ambulanse undervegs.

- I heile teke så har vi hatt mange gode og fruktbare diskusjonar om den situasjonen vi er i. Vi slår fast at vi er på rett veg, seier han.

Pasienttransporten i Sogn og Fjordane har dei siste vekene stått i fokus i media. Margunn Ryland er ei av fleire som har stått fram og fortalt om rystande historier.

- Bør handle før

I førre veke fortalde ho korleis den svært sjuke 88 år gamle mora vart stabla på eit sete i tre og ein halv time fordi det skulle være to pasientar i bilen. Ho tykkjer at det er trist at sakene må i media før Helse Førde høyrer på dei.

- Det er veldig beklageleg at det skal så mykje til før dei som styrer og rår oppfatter dette, seier ho og er glad for at Helse Førde vil løyse situasjonen.