- Det litt vanskeleg å seie kor alvorleg det blir, for vi er framleis i forhandlingar om ressursane, seier Kjell Nygård, som er tillitsvald i Fagforbundet i Helse Førde. Han meiner løyvingane skulle vore auka i staden for å bli kutta.
Mindre tilgjengelege
- Men om kutta blir gjennomførte vil nok medlemene merke at dei tillitsvalde vert mindre tilgjengelege. Dei tillitsvalde må nok også bruke meir av fritida til å førebu seg til møte. Dessutan blir det nok vanskelegate å rekruttere folk til å bli tillitsvalde, seier Nygård.
- Må vere på bana
- Men må ikkje også fagforeiningane kutte når Helse Førde er i ein slik økonomisk situasjon som dei er?
- Eg forstår at spørsmålet blir stilt, men det er i slike tider det er behov for dei tillitsvalde. Det er viktig at dei tillitsvalde er på bana for å følgje opp lover og avtaleverk i arbeidslivet.