Hopp til innhold

Helse Førde i økonomisk balanse

Helse Førde gjekk i fjor i økonomisk balanse på drifta – og det for aller første gong.

Clara Øberg

NØGD: Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde er svært glad for at rekneskapen for 2010 viste ein overskot og ikkje underskot.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Det er kjekt å vere styreleiar når eg ser at våre tilsette har gjort ein så god jobb, seier Clara Øberg som er styreleiar i Helse Førde.

Det er rekneskapen for 2010 som får Øberg til å juble. Den viser nemleg eit overskot på 200.000 kroner.

- Vi behandlar fleire pasientar og det gjer vi innanfor dei økonomiske rammene vi har, seier Øberg nøgd.

Gjennom alle år har helseføretaket slite med store underskot og styret har fleire gonger bedt om meir pengar.

- Eit budsjett i balanse betyr at vi har full styring på det vi driv med, både når det gjeld økonomi og pasienttenester, seier Øberg.

Helse Førde har framleis stor gjeld og må framleis spare pengar.