NRK Meny
Normal

Helse Førde gjorde historisk vedtak

For første gong i historia vedtok styret i Helse Førde eit budsjett med overskot.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

PLUSS: Styreleiar Jorunn Ringstad (t.h.) og resten av Helse Førde-styret vedtok i dag eit budsjett med noko sjeldant som eit overskot.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Overskotet er rett nok ikkje stort, på fem millionar kroner, men likevel nok til å gje føretaket sjanse til investeringar i mellom anna nytt medisinsk utstyr.

Styreleiar Jorunn Ringstad meiner føretaket styrer på rett veg.

– Eg trur at vi no kan seie at vi er byrja å finne fram til ei utvikling vi ser kan vare framover utan at vi får dei store omveltingane vidare. Det trur eg kan vere godt for heile organisasjonen, ikkje minst for dei tilsette som har gjort den viktige jobben å vere med på denne omveltinga i år, seier ho.

– Stor slitasje

For overskotet ein har oppnådd har ikkje kome utan ein pris. Gjennom dei siste åra har helseføretaket vore gjennom store omveltingar. Spesielt har Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus måtte sjå tilbod avdelingar bli lagde ned og tilbod sentralisert.

I tillegg til desse omveltingane, har Helse Førde fått noko meir pengar frå Helse Vest enn tidlegare år.

– Vi har hatt nokre år med ganske store og omveltande endringar i heile organisasjonen. Det har vore stor slitasje, ikkje minst på dei tilsette, seier Ringstad.

Oppheta strid

I 2010 gjekk styra i Helse Førde og Helse Vest inn for å leggje ned fødeavdelinga og akuttberedskapen i Eid. Dette førte til ein svært oppheta strid med sterke reaksjonar.

Året etter avgjorde regjeringa at fødeavdelinga skulle gjerast om til jordmorstyrt fødestove.

No er den ortopediske avdelinga lagd ned, men sjukehuset har fått behalde indremedisinske akuttfunksjonar. I Lærdal er fødestova erstatta av eit poliklinisk tilbod til gravide.

Drift som i dag

Ringstad vedgår at omstillingane har slite på organisasjonen, og ikkje minst dei tilsette som gjerne har fått nye oppgåver eller oppgåver i tillegg til det dei allereie hadde.

– I tillegg går det på kva blir dei neste endringane, kva blir omstillinga vidare. Eg trur at å få litt meir ro med tanke på at folk ser at det ikkje er store omveltingar på gang framover, seier styreleiaren og vonar at sjukehusføretaket i framtida kan halde oppe drifta på nivå som i dag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune