Nordfjord sjukehus

Nordfjord Sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Sjukehus vart teke i bruk i 1936 med 40 senger. Sjukehuset vart i hovudsak bygd med midlar gjeve av den amerikanske kunstmålaren William Henry Singer jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer, som budde i Olden. Bak avgjerda om å byggje eige sjukehus for Nordfjord låg ein klassisk sjukehusstrid. Bakgrunnen var fylgjande:

Utanom tuberkuloseheimane fanst det på 1920-talet berre eitt vanleg sjukehus i Fjordane: Røde Kors-sjukehuset i Florø. Men kapasiteten der var liten, og på slutten av 1920-talet fekk overlegen ved sjukehuset, Johan Yttri, utarbeidd ein plan for eit nytt, stort «sentralsjukehus» for Fjordane i Florø.

Olav Monsson spela ei viktig rolle då Nordfjord sjukehus vart bygt.

Olav Monsson spela ei viktig rolle då Nordfjord sjukehus vart bygt.

Ordførarsvik vekte harme

I fylkestinget støtta også sju av ti ordførarar frå Nordfjord denne sjukehusplanen. Dette vart sett på som eit svik av nordfjordingane, som meinte at Nordfjord burde få sitt eige sjukehus. Det vart starta ei folkerørsle i fjorden, og det vart starta pengeinnsamling til eit eige Nordfjord-sjukehus, m.a. gjennom kollekt i Nordfjord-kyrkjene. Det var denne stemninga Singers nære ven og rådgjevar i Olden, Rasmus Yri, kjende så vel til då han fann allierte på Nordfjordeid: Som lokal postopnar i Olden hadde Yri postmeisteren på Nordfjordeid, Olav Monsson, som overordna. Dei to kjende kvarandre. Gjennom Monsson fekk Rasmus Yri kontakt med krigskommissær John Myklebust, som ikkje var sein å be då han augna sjansen til å verte introdusert for Singer i Olden.

Singer-pengar frå Florø til Eid

På eit møte mellom William H. Singer, Rasmus Yri og John Myklebust i 1930 vart strategien lagt: Nordfjord skulle få sitt eige sjukehus, og finanisert i hovudsak av Singer. Singer ynskte av ein eller annan grunn at sjukehuset ikkje vart bygd for nær heimen sin i Olden. Difor tok han med opne armar imot tilbodet frå Myklebust og Monsen om sjukehustomt i Prestemarka på Nordfjordeid.

Nordfjord Sjukehus i byggeåret 1936.

Nordfjord Sjukehus i byggeåret 1936.

Singer hadde tidlegare gjeve dokter Yttri lovnad om 70.000 kroner i pengestøtte til bygging av nytt sjukehus i Florø, men trekte desse pengane tilbake og lova i staden 100.000 til nytt sjukehus på Nordfjordeid. Dette vekte sjølvsagt harme i Florø, og i Sunnfjord vart det sett i gang pengeinnsamling for å bøte på tapet av «Singer-pengane».

Nordfjord sjukehus på flyfoto frå 1953. Huset nærast er bustad for pleiarar. Det var opphaveleg funksjonærbustad for kraftutbygginga i Ålfoten. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Nordfjord sjukehus på flyfoto frå 1953. Huset nærast er bustad for pleiarar. Det var opphaveleg funksjonærbustad for kraftutbygginga i Ålfoten. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Sjukehuset som privat stifting

Ei eiga stifting dreiv Nordfjord sjukehus frå 1936 til 1949, då fylket tok over. Sjukehuset vart utvida austover med 24 senger i 1949. Det vart ombygd og utvida både i 1976 og 1987.

Legekrise og fakkeltog

Hans Chr. Wennevold var overlege frå starten i 1936 og til 1968. Ingen stad i fylket vart sjukehusstriden kring 1970 meir beisk og hard enn på Nordfjordeid. Striden toppa seg då ein gresk lege, Constantine Lygonis, vart henta frå Færøyane og tilsett som overlege ved sjukehuset i 1970. Sjukehuset hadde då lenge lidd av mangel på legar og sjukepleiarar. Lygonis sette i gang oppussing av sjukehuset og kjøpte mykje nytt utstyr utan at han hadde full klarering for dette i sjukehusstyret som var leia av dåverande ordførar Per Roti.

Bysten av Hans Chr. Wennevold utanfor inngangen til sjukehuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bysten av Hans Chr. Wennevold utanfor inngangen til sjukehuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Constantine Lygonis.

Constantine Lygonis.

Kravde at økonomisjefen sa opp

Lygonis kom på kant med både Roti og økonomisjef Klara Engeland ved sjukehuset for dette, men vart tilsvarande populær i folkeopinionen og lokalpressa for tiltaka sine. Men han kravde Engeland bort frå sjukehuset, eller så flytta han. Framståande menn på Nordfjordeid kravde i brev til Engeland at ho skulle seie opp stillinga si for å hindre at Lygonis flytta.

Ho kjende seg pressa til å seie opp, men fekk sterk støtte frå fylkesmann Schei og fylkesutvalet, og trekte difor oppseiinga si tilbake. Rabalderet førde også til at Per Roti vart kasta som ordførar i Eid, og varaordførar Lars Myrold frå same parti, Senterpartiet, tok over ordførarklubba. Men kort tid etter desse hendingane fann Lygonis det mest fornuftig å pakke saman og forsvinne frå Nordfjordeid.

Gåvebrevet frå Nordfjord Sjukehus til Sogn og Fjordane fylke.

Gåvebrevet frå Nordfjord Sjukehus til Sogn og Fjordane fylke.

Nordfjord Psykiatrisenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Psykiatrisenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Satsing på psykiatrien

I 1983 kom Psykiatrisk Poliklinikk, og i 1991 sto Nordfjord Psykiatrisenter ferdig. Bygningsmassen i sjukehus m.m. er 23.000 kvadratmeter, og institusjonane har over 200 tilsette. I 2007 vart den første sengeposten for rusmisbrukarar i fylket bygd ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid. Men det var ikkje pengar til å sette posten i drift. Først i 2011 kom eit vedtak i regjeringa som betyr at rusposten kan kome i drift.

Strid om fødetilbod og akuttberedskap

I 2001 overtok Staten ansvaret for sjukehusa frå fylkeskommunen, og det vart oppretta helseføretak. Sogn og Fjordane vart ein del av helseregionen Helse Vest, underavdelinga i Sogn og Fjordane fekk namnet Helse Førde. I 2010 gjekk styra i Helse Førde og Helse Vest inn for å legge ned fødeavdelinga og akuttberedskapen på Nordfjord Sjukehus. Dette førde til ein svært oppheta strid med sterke reaksjonar lokalt i Nordfjord, fakkeltog og støttedemonstrasjonar.

Frå fødeavdeling til fødestove

I 2011 avgjorde regjeringa at fødeavdelinga på Nordfjordeid frå 2012 skal gjerast om til jordmorstyrt fødestove. Dei fødande frå Nordfjord skal i framtida i hovudsak nytte fødeavdelinga i Volda. Fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus vart lagd ned 30. september 2012. Den ortopediske avdelinga sjukehuset vart og lagd ned, men sjukehuset får behalde indremedisinske akuttfunksjonar. Samstundes får sjukehuset 75 millionar kroner over tre år til omstilling.Ei stund såg det ut til at sjukehuset ville miste anestesitilbodet, men i juni 2011 vart det vedteke at Nordfjord Sjukehus skal ha anestesi også etter omlegginga.

"Framtidas lokalsjukehus"

I 2011 starta eit omfattande arbeid med å byggje opp nye tilbod på Nordfjord Sjukehus, leia av Odd Søreide. Det fekk arbeidstittelen «Framtidas lokalsjukehus» og skal vere modell for lokalsjukehus over heile landet. I 2013 vart innhaldet lagt fram. Sjukehuset får indremedisinsk døgnbehandling for hjarteinfarkt og slag, indremedisinsk dagbehandling for kreftbehandling, hjarterehablitering og KOLS-skule, indremedisinsk poliklinikk i gastroenterologi og kardiologi. Diabetes-poliklinikk, kirurgisk og ortopedisk poliklinikk, skadepoliklinikk, tilbod innan augesjukdommar og øyre-, nase- hals, psykiatri og rusbehandling. I 2014 avgjorde styret i Helse Førde at Nordfjord sjukehus skal ha eit avgrensa tilbod om dagkirurgi, hovudsakeleg med operasjon av grå stær.

Elin Stølen hadde 30 år som jordmor på Nordfjord Sjukehus bak seg då fødeavdelinga vart lagd ned i 2012. Foto: Birger Meland, NRK.

Elin Stølen hadde 30 år som jordmor på Nordfjord Sjukehus bak seg då fødeavdelinga vart lagd ned i 2012. Foto: Birger Meland, NRK.

Les meir om Nordfjord Sjukehus og Singer.