Hopp til innhold

Helse Førde får gå i minus

Helse Førde får gå med 40 millionar kroner i underskot neste år. Det vart vedteke på styremøtet til Helse Vest torsdag.

Kirurger i aksjon
Foto: HELGE HANSEN / Scanpix

Helse Førde er dei einaste som får gå med underskot. Dei andre helseføretaka i regionen må gå i null.

Unngår for tøffe omstillingstiltak

Herlof Nilssen

Herlof Nilssen

Det var administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, som føreslo at styret går inn for å kutte balansekravet ovanfor Helse Førde. Sjå - Helse Førde får gå i underskot

- Slik vi har vurdert den økonomiske situasjonen i Helse Førde i år, så trur vi at det kan bli tøft å nå balanse allereie neste år. For at det ikkje skal bli for tøffe omstillingstiltak i 2008, så har eg føreslått ovanfor styret at dei også neste år får gå 40 millionar kroner i underskot, seier han.

Helseføretaka vil vedta budsjetta sine for 2008 i løpet av november og desember.