Lærdal sjukehus. Arkivfoto
Det er god butikk for sjukehusa å behandle pasientar som ikkje er heimehøyrande i fylket. I fjor tente Helse Førde 20 prosent meir på å behandle pasientar som ikkje bur i Sogn og Fjordane.
Det var 2. oktober i fjor at administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, sende ein intern e-post til direktør for kirurgisk klinikk, Anne Margrethe Øvsthus. Her skriv han blant anna følgjande: "Hei. Slik eg vurderer dette bør prio 1 være å stoppe inntak av pasienter fra Sogn og Fjordane på ortopediklinikken og fylle alle lister med eksterne pasientar. Det er nok pasientar (ser det ut til) + at dette gir de berømte merinntektene. Selv om ein kan raljere med fritt sykehusvalg står vi fritt til å la egne pasienter vente lenger/gi alternative tilbud i HF dersom det blir lange ventelister på Lærdal for pas. som vil til Lærdal fra eget fylke. (...) Dersom ikke alt er gjort bør dette forankrast i Lærdalsmiljøet. Det skulle vere mulig med 100% fremmedpasienter nå. De jobber godt, men dette er et kritisk punkt."
Følgde ikkje oppmodinga
Ifølgje Dagbladet sende Øvsthus e-posten vidare til avdelingssjef for kirurgi og ortopedi ved Lærdal sjukehus, Truls Jellestad. Her vart Jellestad beden om å følgje oppmodinga frå Bolstad, slik at dei kunne nå dei øknomiske måla for 2005.
- Vi har ikkje lov å gjere skilnad på pasientane. Dette sette oss i ein vanskeleg situasjon, seier Jellestad til avisa.
Han valde å ikkje følgje oppmodinga fordi dei då ville bryte lova om pasientrettar, som seier at alle pasientar skal behandlast likt uansett kvar dei bur.
Rune J. Skjælaaen.
Skremt av Bolstad
Den interne e-posten frå Bolstad har fått fleire til å reagere kraftig. Ein av dei er nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Rune J. Skjælaaen frå Senterpartiet. Han ser alvorleg på saka, og seier han er skremt over at leiinga i Helse Førde pressar tilsette til å bryte lova.
- Slik eg ser det, legg direktøren opp til å behandle pasientane utfrå økonomiske omsyn og ikkje utfrå ei medisinsk vurdering, seier Skjælaaen til Bergens Tidende.
Til NRK seier Skjælaaen at Bolstad sin epost er ei klar diskriminering av pasientar i Sogn og Fjordane.
- Det er eit paradoks at folk ikkje skal få bruke sjukehuset i sitt eige lokalmiljø, meiner Sp-politikaren.
Ministeren vil ha rapport
Han har no bede helsedepartementet sjå på saka. Og helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad har alt teke tak i saka.
- Slike vurderingar frå ein føretaksdirektør er uakseptable. Det er folk sine behov som skal vere styrande, ikkje økonomi, seier Brustad.
Ho har no bede fylkeslege Petter Øgar sjå på saka. Sjølv ventar Brustad ein rapport frå Helse Vest innan klokka 14 i dag.
Jon Bolstad.
Avviser kritikken
Administrerande direktør Jon Bolstad avviser at Helse Førde bryt lova. Bolstad nektar for at han har lete økonomiske omsyn gå framfor faglege. Men han vedgår likevel at økonomi var eitt av motiva for å sende ut e-posten.
- Mot slutten av fjoråret hadde vi korte ventelister på pasientar frå Sogn og Fjordane, medan blant anna Helse Bergen hadde lange ventelister. Då var det naturleg å prioritere dei som hadde venta lengst, seier Bolstad til Bergens Tidende.
Han minner om at ortopediklinikken i Lærdal skal ta unna køane i heile Helse Vest