NRK Meny
Normal

Heldt på å svime av etter nedturen

OSLO (NRK.no): Det som skulle vere eit toppløp av Øyvind Strømmen Kjerpeset enda med ein skikkeleg nedtur på Bislett. Etter løpet måtte han ta teljing framfor pressekorpset.

Øyvind Strømmen Kjerpeset må ta teljing

TOK TELJING: Øyvind Strømmen Kjerpeset måtte setje seg ned, og var ikkje seg sjølv på 45 minutt etter løpet på Bislett.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

Med tida 51,50 var han langt bak sin eigen norske rekord på 49,95. Dermed enda han klart sist i det sterke feltet på Bislett onsdag kveld.

– Eg fekk det tungt på slutten. Eg fekk ein skade i foten i byrjinga av mai og eg har ikkje ikkje vore i stand til å fullføre distansen heilt enda. Trur det kjem seg etterkvart, i fjor losna det i midten av juni, sa ein sliten Kjerpeset til NRK rett etter målgang.

Nokre minutt seinare heldt det på å svartne for ein svært sliten Kjerpeset. Framfor pressekorpset i mixed zone måtte han setje seg ned. Fleire spurde om dei skulle hente lege.

Då såg det ei stund dramatisk ut. Representantar frå friidrettsforbundet kom til med Cola og banan - før Kjerpeset greidde å reise seg igjen.

– Eg kjende meg så svimmel, seier hekkeløparen etter at han har komme seg på beina igjen.

– Kroppen vil ikkje meir. Eg følte meg spretten og fin, men så var det nesten som om det sa stopp, forklarer han før han trekkjer seg unna for å få litt fred.

– 400 hekk er noko av det aller tøffaste

– Det er eit problem å få gjort den treninga han skal med skaden i foten. Eg trur han har for lite gjennomkøyring på trening til å stå løpet. Du ser han kjem i veldig oksygengjeld her, seier trenar Eystein Enoksen.

Han viser NRK.no stoppeklokka, som syner at Kjerpeset faktisk låg på skjema til norgesrekord heilt fram til åtte hekkar. Deretter møtte florøværingen veggen så det sang.

–400 meter hekk er jo noko av den tøffaste du kan gjere. Men no trudde eg han var på gang etter løpet i Florø, seier Enoksen.

– Og så ser det jo dramatisk ut når han kjem slik og held på å svime av.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eystein Enoksen og Øyvind Strømmen Kjerpeset

FORSTÅR IKKJE: Korkje trenar Eystein Enoksen (t.v.) eller Øyvind Strømmen Kjerpeset sjølv forstår noko særleg av kollapsen på Bislett. Her studerer dei passeringstidene på hekkane.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

Må vurdere om dei skal justere måla

Kjerpeset var litt før klokka ni inne til legekonsultasjon på Bislett. Samstundes er Enoksen oppteken av at dei må gjere grep på trening.

– Må få gjort meir trening i det å stå løpa. Eg forstår ikkje heilt dette, for normalt sett skulle han ha sprunge bra her, seier han.

– Han vil sjølv vere nede på 49 låg. Men det er jo eit stykke igjen dit no, vedgår han.

– Må de revurdere sesongmåla etter dette?

– Det får vi ta ein runde på. Slik det såg ut no, var det berre den siste biten som var håplaus.

Hadde stor tru på bra prestasjon

Det gjekk over ein time før Kjerpeset var klar for intervju. Då stilte han opp for NRK.no.

– No har eg det bra. Har byrja å komme seg no, seier han.

– Men eg heldt på å gå i bakken ei god stund. Eg heldt på å svime av då eg vart intervjua av NRK på TV, så det er godt dei berre stilte nokre få spørsmål,

– Korleis var det å vere i ein slik tilstand?

– Det er fælt. Eg var ikkje meg sjølv. Møtte berre fullstendig veggen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjerpeset

FINT DRIV: Øyvind Strømmen Kjerpeset i aksjon på Bislett onsdag kveld.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Står fast på måla frå før sesongen

Før løpet håpa Øyvind Strømmen Kjerpeset å senkje den personlege rekorden sin - og dermed også den norske rekorden - på kveldens 400 meter hekk på Bislett.

– Det positive er at eg gjer eit godt løp i 300 meter, men i dag ville ikkje kroppen meir, seier han.

Før sesongen var florøværingen svært offensiv, og meinte han har potensial til å springe den norske rekorden ned på 48-talet i løpet av året.

Han fekk ikkje klaff i sesongopninga i Florø sist helg, då han sleit med rytme og steglengde mellom hekkane - og noterte seg for tida 50,78. Han har sjølv den norske rekorden på 49,95

Han meiner framleis han er god for å senkje den norske rekorden med eitt sekund, og understrekar på spørsmål frå NRK at han står fullt og heilt på det han sa før sesongen.

– Det er ikkje meir enn ei veke sidan eg gjorde tider som tilseier at dette skal bli veldig bra. No blir eg motivert til å trene, og gjere det godt igjen og bli betre.

Created by InfoDispatcher

FLORØ: Her kan du sjå løpet til Øyvind Strømmen Kjerpeset i Florø. Heller ikkje det var fullklaff.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast