Den nytilsette skomakaren viser oss rundt i skomakarverkstaden i blå filttøfler, sjølvsagt ein Aurlandsmodell.
Aurland skofabrikk har heldt det gåande sidan 30-talet, og kan seiast å ha fått ein ny vår etter fleire år med nedtrapping av produksjonen. Den tradisjonelle skoen har fått heiderleg omtale i både inn- og utland.
- Les også:
Den originale «loaferen»
– Eg har alltid trudd på syklusar. Alt kjem attende. Eg har sett «loaferen» i motebiletet, og vi har jo den originale «loaferen», seier Wessel, som starta å arbeide hos Aurland skofabrikk no i sommar.
Mokasinen (loafer på engelsk) vert ofte kalla «penny loafer», og det er mange teoriar om opphavet til dette namnet. Det skal i alle fall ha samanheng med den smale sprekka som går tvers over skoen framme, der ein har plass til å stikke inn ein liten mynt. Så er ein skodd for det meste.
Eit lite kvitt hus ved Aurlandsfjorden rommar både butikk og fabrikk, som også er vorte eit såkalla Économusée – eit museum der dei besøkande kan sjå korleis handverket vert utført.
Frå Fredrikstad til Aurland
Jone Peter Wessel og kollega Marthe Moen Olsen vart tilsett i år, så no er talet på tilsette oppe i 6. Begge vart oppringte av fabrikken som trengde folk. Dei er ein eksklusiv rase, skomakarar i dag; Det finst berre ein skule i landet som utdannar skomakarar, Plus-skolen i Fredrikstad, med fem studentar per kull.
Moen Olsen hadde aldri vore i Sogn og Fjordane før ho kom hit, men trivast godt.
– Det er ei veldig fin bygd. Eg var så lei av Oslo, synest det er herleg å komme seg ut på bygda, seier ho.
For Jone Peter Wessel var det også ei tilfeldigheit at han enda opp som skomakar.
– I 2006 jobba eg på ein Rema-butikk. Over gangen var det ein skomakar som spurte om eg heller ville jobbe hos han. Ettersom han betalte betre enn Rema sa eg ja, og etter kvart fekk eg auga opp for dette spennande yrket. Nokre år seinare etter litt segling og diverse plukka eg opp tråden og starta på skomakarstudiet i Fredrikstad. Og no er eg her i Aurland!