Hopp til innhold

Held fram sjukehuskampen

Sjølv om Harry Mowatt trekkjer seg ut av Helse Førde-styret, vil han halde fram arbeidet for ei god spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane.

Harry Mowatt

Harry Mowatt har ikkje tenkt å gje opp kampen for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I helga sa leiar Svein Hansen i Sjukehusaksjonen i Nordfjord at det var ein fordel for lokalsjukehusa at Mowatt var ute av Helse Førde-styret .

- Dette høyrer eg og det er ikkje uventa. Men eg må skuffe dei. Dei heiser flagget altfor tidleg. Eg har på ingen måte tenkt å leggje ned arbeidet for at vi skal ha ei god spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane. Eg har ikkje endra meining på eitt einaste punkt, seier Mowatt.

Held fram arbeidet

Mowatt trekte seg fredag i protest mot Helse Vest-styret . Han meiner fleire ting den siste tida viser at Helse Vest stikk kjeppar i hjula for Helse Førde. Mowatt meiner også at Helse Vest ikkje kan ha tillit til styret når dei gjev styret betinga tillit .

- Eg vil gjere alt eg kan frå alle politiske hald til å støtte styret sitt arbeid for å få strategiprosessen gjennom og for å få gjennomført naudsynte tiltakt for å berge sjukehusa i Sogn og Fjordane, seier han.