Hopp til innhold

Hekkar på taket ditt

FØRDE (NRK): Måsane sluttar å hekke ved kysten fordi dei ikkje finn nok mat. I staden slår dei seg ned i byane og tettstadane og får ungar i hagen din.

måke

IKKJE FARLEG: – Det er svært sjeldan måsane kjem borti når dei «angrip», seier Anders Braanaas i Norsk Sjøfuglsenter.

Foto: Colourbox

– Når eg går her i Førde tar eg med meg ein paraply for sikkerheits skuld, sjølv om det er solskin, seier Hallbjørg Sveum.

Ho er ein av fleire som kjenner på kroppen at måsane i stor grad har forlete kysten og slått seg til ro i lenger inne i landet.

Måse med ungar

VIL BESKYTTE: Måsemor med to måseungar.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Dei dukkar mot meg, og eg veit om folk som har blitt angripne. Det er ubehageleg, seier ho.

På kysten har måsestanden hatt 80 prosent nedgang dei siste 20-30 åra. Spesielt fiskemåsen slår seg ned nært busetjing - og då gjerne i blomekassar eller på tak.

– Alle fuglar er freda i hekketida

Der ein måsefamilie slår seg ned, er det sannsynleg at dei vil prøve å jage vekk folk. Dette er det lite du kan gjere med, sjølv om måsen skulle hekke på eigedomen din.

– Måsen er verna av Viltlova med ein gong dei har begynt å hekke, seier seniorrådgjevar Johannes Anonby i Fylkeskommunen.

Johannes Anonby

ULOVLEG: Dersom ein vil fjerne ein måse må ein søke til kommunen, seier Anonby.

Foto: PRIVAT

Det betyr at ein ikkje kan drepe eller forstyrre fuglane, kor plagsomme dei enn måtte vere. Det finst likevel unnatak frå lova, dersom ein kan dokumentere vesentlege økonomiske ulemper.

– Det utelukkar at folk kan få lov til å felle måsar fordi det er ubehageleg å dei rundt seg, seier Anonby.

– Dei er smarte

Anders Braanaas

– NATURLEG: – Miljøet er påverka av menneske, og det får konsekvensar for dyrelivet, seier Anders Braanaas.

Foto: PRIVAT

Det er samansette grunnar til at måsen har flytta på seg dei siste åra.

– Tidlegare fanst det mange små fiskemottak, og eit meir aktivt kystfiske. Måsen hadde tilgang på slo og avfall der, seier leiar Anders Braanaas i Norsk Ornitologisk Forening.

– Eg forstår at det kan vere irriterande å ha måsen tett innpå seg. Ein må likevel prøve å bere over med dei den korte tida det gjeld, og så heller legge ut hindringar i området før neste hekkesesong, seier han.

Ei slik hindring kan til dømes vere ein streng på husmønet.

Randi Oddveig Rønnekleiv Melvær bur i Flora kommune. Ein måse hakka hol i taket på hobbyveksthuset hennar, og kom tilbake og øydela det på nytt då ho skifta det ut. Då la ho ut ei skremmande leike på taket.

Plastorm skremmer vekk måsen

PLASTORM: Denne «ormen» jaga vekk måsen hos Rønnekleiv Melvær.

Foto: PRIVAT

– Eg har ikkje sett måsen på dette taket etter at eg la ut plastormen, seier ho.

Måsane rugar i omlag tre veker, og etter klekkinga tar det tre nye veker før ungane blir flygedyktige. Då blir foreldra mindre aggressive.

– Vi må vere rause med dyra, det skuldar vi dei etter måten vi har tatt oss til rette på kloden. Det er både umoralsk og ulovleg å drepe eller plage dei, seier Braanaas.