Heggø og Bremer toppar lista

Ingrid Heggø og Tor Bremer toppar stortingslista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Det er klart etter nominasjonsmøtet laurdag føremiddag.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

FEKK FORNYA TILLIT: Ingrid Heggø og Tor Bremer har fått fornya tillit av Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Dei to toppar no Stortingslista til Ap i fylket.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Både Heggø og Bremer representerer i dag Sogn og Fjordane Ap på Stortinget, og fekk fornya støtte av partifellene under møtet i dag. På tredjeplass på lista har varaordførar Kristin Maurstad frå Vågsøy fått plass.

Ingrid Heggø er svært glad for at ho fekk støtte frå eit samla fylkesparti.

– Eg synest det er godt at vi står samla om lista vår. Det gjer det så mykje lettare å gå inn i ein valkamp når du veit at du har eit samla parti bak deg, seier ho til NRK.no.

– Glad og audmjuk

Det var knytt spenning til kor vidt Heggø og Bremer ville få dei to topplassane. I forkant har mellom anna fleire lokallag i Sogn vraka desse to, då ein ikkje har vore nøgd med jobben dei har gjort.

Dei tre plassane på topp som partiet no har gått inn for er lik den innstillinga som nominasjonsnemnda i partiet gjekk inn for. Heggø seier ho ikkje har tenkt mykje på murringa som har vore enkelte stader lokalt mot jobben ho har gjort.

– Det er jo ofte slik og det skal vere litt meiningsbrytningar før ein kjem fram til korleis ein vil ha det, seier Heggø til NRK.no.

– Eg er veldig glad og audmjuk for den tilliten eg har fått på ny.

Set stor pris på tilliten

Tor Bremer er også svært godt nøgd med at han einstemmig vart valt inn som andrekandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

– Ein går alltid til nominasjonsmøtet med ei viss spenning, og slik skal det vere. Når du har hatt eit politisk verv for fire år, så er jo eigentleg mandatet ditt ute, seier han og fortel vidare.

– Då skal du vegast på gullvekt i forhold til alternative løysingar, så difor er det alltid litt spennande, seier Bremer.

Han er god nøgd med at nominasjonsmøte var einstemmige i valet av kandidatar og meiner dette viser at både kandidatane og nominasjonsnemnda har gjort ein god jobb.

– Næringspolitikken blir viktig

Heggø er no klar for å brette opp armane saman med partifellene og jobbe mot valet neste haust. Arbeidarpartiet har lenge vore det største partiet i Sogn og Fjordane, og Heggø trur og håpar at dei skal klare å vere det også neste haust.

– Det viktigast blir å få fram næringspolitikken vår og få fram kor mykje vi gjer for å halde folk i arbeid, seier Heggø og meiner Ap har gjort mykje for å halde liv i industrisamfunna rundt om kring i landet.

Slik ser Ap si stortingsliste ut:

Ingrid Heggø, Tor Bremer, Kristin Maurstad, Anette Stegegjerdet, Helge Robert Midtbø, Hilmar Høl, Senea Sabanovic, Nils P. Støyva, Karianne Torvanger og Thor Mehammer.