Hopp til innhold

Går for Heggø og Bremer på topp

Nominasjonsnemnda i Arbeidarpartiet går samrøystes inn for å ha Ingrid Heggø og Tor Bremer på topp til stortingsvalet neste år.

Heggø og Bremer

NY TILLIT: Tor Bremer og Ingrid Heggø er samrøystes innstilt til toppplassane på stortingslista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: arkiv / NRK

– Vi har kome fram til ei liste som er om lag identisk med den vi sende ut til partilaga våre til høyring. Det er Ingrid Heggø og Tor Bremer på topp. På tredjeplass har vi Kristin Maurstad, fortel leiar i nemnda, Bente Frøyen Steindal.

- Samrøystes

Listeframlegget har no ei tid vore ute til høyring i dei ulike partilaga i fylket, og med unntak av Årdal har dei fleste støtta at både Heggø og Bremer skal få halde fram på Stortinget ein peride til.

– Vidare nedover finn vi mellom andre Anette Stegegjerdet Norberg og Helge Robert Midtbø. Lista er godkjend i dag. Tredjeplassen var mot ei røyst, ellers er det samrøystes heile lista, seier nemndleiaren til NRK.

– Kan oppføre oss

Frøyen Steindal trur no at det komande nominasjonsmøtet vil stille seg samrøystes bak at Ingrid Heggø frå Høyanger og Tor Bremer frå Luster skal få ny tillit.

– Eg skal ikkje seie kva alle meinar, men vi har ikkje noko som skulle tilseie at dei ikkje skal få fortsette og i forhold til dei innspela vi har fått så ser lista sånn ut.
Det kan jo hende at det blir litt steilare frontar på nominasjonsmøtet, men det er heilt greitt og då får vi ta det som kjem. Men oppføre oss skikkeleg, det kan vi, så då skal dette gå heilt greitt, meiner Frøyen Steindal.