Hopp til innhold

Heggø og Bremer toppar lista til Ap-laga i Fjaler, Askvoll og Hyllestad

Arbeidarpartiet i Fjaler, Askvoll og Hyllestad vil framleis ha Ingrid Heggø og Tor Bremer på tinget. Dei to toppar listeframlegget frå dei tre HAFS-kommunane.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

PÅ TOPP: Hafs-kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad har plassert Ingrid Heggø og Tor Bremer på toppen av sitt listeframlegg til stortingsvalet neste år.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fjaler Ap, Askvoll Ap og Hyllestad Ap var i dag samla til eit felles medlemsmøte. Fleire politiske saker var oppe til diskusjon, men det kanskje viktigaste var diskusjonen om kven som skal fronte Sogn og Fjordane Arbeidarparti på Stortinget etter neste val.

Anders Lien som er leiar i Askvoll Ap, seier dei etter ein lang og god debatt kom fram til følgjande listeframlegg:

  1. Ingrid Heggø–Høyanger
  2. Tor Bremer–Luster
  3. Kristin Maurstad–Vågsøy
  4. Anette Stegegjerde Norberg–Luster
  5. Arve Helle–Fjaler

Dei tre HAFS-kommunane følgjer dermed opp nominasjonsnemnda sitt listeframlegg, med unntak av femteplassen. Der har HAFS-kommunane bytta ut Helge Robert Midtbø frå Førde med Arve Helle frå Fjaler.

– Vi synst at denne regionen bør ha ein representant så pass høgt på lista. Det er eit for stort område til å ikkje vere representert, seier Lien til NRK.no etter møtet.

– Dei er dei to beste

Nominasjonsnemnda til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane la fram si liste i slutten av august, og Ingrid Heggø og Tor Bremer toppar førsteutkastet til Ap si stortingsliste.

Denne lista er no på høyring i dei 26 kommunane og lokallaga skal no kome med sine innspel før den endelege lista blir vedteke på nominasjonsmøtet den 3. november.

HAFS-kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad hadde i dag eit felles møte der dei kom fram til eit listeframlegg, men lokallaga i dei tre møta skal også ha møte kvar for seg.

Anders Lien som er leiar i Askvoll Ap seier dei meiner Ingrid Heggø og Tor Bremer er dei to beste kandidatane for ein plass på tinget.

– Vi er av den oppfatning at dei er dei to beste og ønskjer å fronte dei, seier Lien til NRK.no.

– Kan alltid setje spørsmålsteikn

Men ikkje alle er av same oppfatning. I Ap-bastionen Årdal meiner lokallaget at Ingrid Heggø og Tor Bremer har gjort så lite ut av seg at dei ikkje fortener ein plass på toppen av lista.

Begge dei to stortingsrepresentantane vart dermed vraka, til fordel for Anette Stegegjerde Nordberg og Nils P. Støyva på topplassane.

At det har vore misnøye med innsatsen deira har også Lien fått med seg, men han seier lokallaga i HAFS meiner Heggø og Bremer fortener topplassane.

– Eg trur at med dei aller fleste stortingsrepresentantar vi har hatt frå fylket, så kan ein setje spørsmålsteikn ved om dei nokon gong har gjort ein god nok jobb. Og om dei nokon sinne kjem til å gjere det, seier Lien og legg til:

– Ein finn stort sett feil og manglar med den ein vel til å representere seg.

– Ho har jobba godt for Sogn og Fjordane

På spørsmål om kvifor Ingrid Heggø fortener plassen på toppen av lista svarar Lien slik.

– Ho har jobba godt for Sogn og Fjordane. sjølv om mange vil hevde at det ikkje er like synleg, så gjer ein også ein god jobb i kulissane ved å få fram viktige saker for fylket vårt.

Om Bremer sin plass på lista seier Lien det slik.

– Tor har hatt ein periode på tinget, og det er lite i ein slik samanheng. Og uansett kva ein måtte meine om Tor sin innsats, så er det riktig å tildele han ein periode til.