Modelltestar i Måløy syner at idéen om å kunne få eit kuleforma, lukka og nedsenkbart oppdrettsanlegg plassert i høg sjø no kan utviklast vidare. På nyåret startar arbeidet med å bygge eit fullskala anlegg som er tre gonger større enn dei anlegga som finst i dag, og som kan nyttast i alle delar av verda.
Bak ideen om eit havgåande oppdrettsanlegg er siviliingeniør Endre Kvalheim frå Vågsøy.