Håvard Flo legg opp

Ein epoke i Sogndal Fotball er over. Håvard Flo legg definitivt opp som aktiv spelar.

Håvard Flo

NOK ER NOK: Når Sogndal møter Ranheim i siste serierunde er det for aller siste gang med Håvard Flo i spelartroppen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det stadfester Flo overfor Bergens Tidende.

– Håvard har vore ein bauta

– Håvard Flo kan ta mykje av æra for at Sogndal fotball har gjort det så bra siste åra, seier sportssjef Trond Fylling i Sogndal Fotball til NRK.

Når 40 år gamle Flo no har bestemt seg for å leggje fotballskoa på hylla, er det med svært gode skussmål. Fylling teiknar eit bilete av ein fantastisk ambassadør for klubben.

– Først og fremst er det ein bauta i Sogndal-historia som sluttar. Han har vore ein ambassadør for klubben og veldig delaktig i den suksessen som Sogndal har vore med på, seier Fylling.

Planlagt

For sportssjefen kom avgjerda likevel ikkje som noko overrasking.

– Det har lege i korta. Han la jo opp som spelar for to år sidan, men det året han hadde i år, med å hjelpe klubben opp ein divisjon, viser litt av den typen Håvard har vore for klubben.

Utanlandsproff

Fylling meiner Flo kan sjå tilbake på ein ekstraordinær karriere.

– Han kom frå Stryn som ung og lovande og forsvann ganske fort, til og med før han var etablert på laget. Han gjekk til Danmark på bekostning av Tore André som hamna i Tromsø, og det var starten på ein fantastisk proffkarriere i både Tyskland og England. Vi var så heldige å få han tilbake. Han har vore med på det oppsvinget vi hadde frå byrjinga av 2000-talet og utover.

I Danmark oppnådde Flo heltestatus i løpet av sine år i Aarhus. For eit par år sidan vart han kåra som klubben sin beste spelar gjennom tidende.

– Og som person har han eit vinnande vesen. Han er flink til å knyte kontaktar, skryt sportsjefen i Sogndal.

Blir truleg spelarutviklar

Derfor er Fylling også svært glad for at Flo blir med i det vidare arbeidet i Sogndal Fotball. Sist han la opp fekk Flo tittelen som sportsleg koordinator, men sidan den gongen er klubbens mangeårige spelarutviklar og tidlegare trenar, Torbjørn Glomnes, slutta. Mykje tyder derfor på at Flo går inn i ei rolle som spelarutviklar.

– Dette er ein kabal som skal leggast. Før denne sesongen jobba han i administrasjonen både på marknad og sport. Det er slik Sogndal er bygt opp, at ein i periodar har ulike hattar. Så får vi sjå kva som blir rolla hans neste år, det er ikkje heilt avklara. Men vi er veldig glade for at han framleis vil vere med og bidra i klubben, seier Trond Fylling.



Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.