NRK Meny
Normal

Haustferien byr på sol, regn og snø

Med andre ord noko for kvar ein smak. Men jaktar du på sola, må du snu deg fort rundt.

Regn og sol

BEGGE DELER: Både paraply og solbriller kan vere nyttige hjelpemiddel i haustferien. Og skal du til fjells med bil, kan vinterdekk vere lurt.

Foto: AP/Jens Meyer og Colourbox

Denne helga startar haustferien for mange tusen elevar i skulane i Sogn og Fjordane. Komande veke er med andre ord ei veke mange har sett av til reise eller uteaktivitetar, heime eller litt lenger vekke. Men planlegg du å vere i Sogn og Fjordane må du i alle fall vere budde på vekslande vêr, skal vi tru meteorologane.

Nattefrost og snø

Om fredagen seier statsmeteorolog Jon Austerheim dette:

– Vind frå nordvestleg retning. Det betyr fuktig luft inn frå sjøen og ein god del vind med stiv kuling på kysten. Det vert bygevêr først på dagen i ytre strok som vil trekke innover i landet utover dagen. Temperaturen vil vere seks til åtte grader.

Utover laurdagen betrar vêret seg, og det vil klarne opp. Men på denne tida av året betyr det gjerne nattefrost i indre strok og ei snøgrense som trekker nedover. Og det stemmer også med varselet til Austerheim. Snøgrensa kan faktisk krype heilt ned i 600 meter.

Glatte vegar

– Søndagen ser ganske bra ut. Opphald og periodar med sol, men framleis fare for nattefrost i låglandet i indre strok. Det kan og kome ei og anna bye i ytre strok av Nordfjord, seier Austerheim.

– Ei snøgrense som kryp nedover, betyr det at vi kan få skiføre i fjellet?

– Det skal vel litt, for det er ikkje så mykje underlag. Men det kjem såpass at vegane kan verte glatte for dei som skal over fjellovergangane. Det kan nok vere lurt å sko bilen med vinterdekk, spesielt på morgonen, kvelden og natta. På dagtid med litt sol tinar det fort, seier meteorologen.

Ustabilt utover i veka

Utover i veka vert vêret meir ustabilt.

– Det held seg nokolunde på måndag med opphaldsvêr. Men vidare utover i veka vert det meir ustabilt ver. Det kjem inn vind frå vest og sørvest, og det betyr periodar med regn. Litt stigande temperatur vert det, men skyene gjer at det ikkje vert så veldig mildt opp mot 10 grader.

– Hotellet er byrja å fyllest opp

I Loen, eit av dei verkeleg populære reisemåla, også for haustferierande familiar, har dei eit avslappa forhold til vêrmeldingane. Dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur, ser helst at det vert sol og fine temperaturar. Då reiser folk gjerne til fjells på føtene, i klatreveggen eller med gondolbana. Men om regnvêret kjem, dreg han fram kortet med nytt aktivitetssenter og innandørs basseng.

– På Alexandra er det fullt både komande helg og neste helg. Men vi har framleis ledige rom i veka. På Loenfjord har vi ledige rom heile veka, seier Brendefur.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast