Hopp til innhold

Hat-trick-helten veit ikkje kvar han spelar neste sesong

Det er over ein månad sidan Ulrik Flo sist spelte ein seriekamp for Odd. I dag storspelte han for andrelaget, men framtida i klubben er usikker.

Ulrik Flo

MANGLAR TILLIT: Ulrik Flo fekk ein omgang i 3–1 sigeren mot Aalesund i september. Sidan har han vore ute i kulda.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Stillinga var 1–1 mellom Odd 2 og Vindbjart då stryningen Ulrik Flo starta scoringsballet. På 16 minutt sørga han for at det stod 4–1 i målprotokollen. Stillinga vart til slutt 8–4 til heimelaget i det elleville oppgjeret.

– Det var tre solide scoringar, men eg skulle ønske eg hadde spelt heile kampen, for eg kunne kanskje ha putta eit hat-trick til, seier Flo.

Som no er i tenkeboksen framfor neste sesong.

Vurderer framtida etter lite speletid

I morgon kjempar førstelaget om medaljar når dei møter Sandefjord på heimebane. Sidan overgangen for to månader sidan har Flo berre fått ein omgang i eliteserien. Sjansen er stor for at han startar på benken nok ein gong.

Odd

KONKURRENT OG LAGKAMERAT: Ulrik Flo vart henta inn som erstattar for ein aldrande Oliver Occean. Men den kanadiske spissen har vore vanskeleg å rokke med sine 13 scoringar og 7 målgjevande.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Dei har vore veldig nøgde med det eg har prestert, men likevel har eg ikkje fått mange sjansane på førstelaget. Occean har gjort det bra i år, så eg kan ikkje seie så mykje på at han har spelt, men det er vanskeleg å ikkje vere skuffa likevel, seier Flo.

Han kom frå Sogndal midt i sesongen og fekk kontrakt ut året. Mangelen på speletid gjer at han er usikker på kvar vegen går vidare.

– Sjølv om Odd skulle tilby meg ny kontrakt så er det ikkje sikkert eg seier ja til den. Vi får sjå kva klubbar som er interesserte og ta standpunkt til det der og då. Førebels har eg ikkje bestemt meg, seier Flo.

Store kontrastar

Flo i aksjon mot Dortmund

KASTA TIL LØVENE: Flo gjekk rett frå spel i førstedivisjon, til oppgjeret mot den europeiske giganten Dortmund. Sidan har pila peika nedover for stryningen.

Foto: Ina Fassbender / Reuters

Starten på karrieren kunne ikkje ha vore betre. Debuten kom mot Dortmund i kvalifiseringa til Europaligaen. Flo vart kasta i det, fekk eit kvarter på heimebane og ein heil omgang i returoppgjeret i Tyskland.

– Kontrastane har vore heilt enorme. Frå å møte Ranheim borte med eit par hundre tilskodarar til å spele på Signal Iduna Park med 65 000 på tribunen er sjølvsagt ein stor skilnad. Eg tykkjer eg kom godt ifrå det, seier Flo.

Men sidan har det gått trått. Og i mellomtida har han sett gamle lagkameratar i Sogndal feire opprykk og divisjonssiger i førstedivisjon.

Ingen retur til gamleklubben

Flo følgde jubelscenene med ein bismak.

– Det var både herleg og fælt. Herleg fordi eg unner dei det og kjedeleg fordi eg ikkje fekk vere med å feire, seier han.

Les også: Her kjem spelarane heim for å feire opprykket

Likevel er ein retur til saftbygda ikkje eit alternativ når han no skal vurdere framtida.

– Eg saknar bygda, men eg har ikkje tenkt meg tilbake med det første. Eg må først føle at eg har utnytta sjansen til det fulle, så får vi heller sjå. Ein retur til Sogndal blir det nok, men ikkje enno, seier han.

Sogndal feirar på puben

JUBEL I GAMLEKLUBBEN: Medan Ulrik Flo har slite benken for Odd, har dei gamle lagkameratane i Sogndal feira både opprykk og divisjonssiger.

Foto: Christian Blom