Hopp til innhold

Hare landa på taket

Familien Glomnes i Oppstryn sat og åt middag då dei høyrde eit skarpt smell. Då dei kom ut låg det ein daud hare på tunet.

Uventa fangst for familien Glomnes.
Foto: Inge Fænn, Fjordingen

Saman med haren låg det og knuste skiferheller, og då dei såg opp, krinsa ei ørn 200 meter over garden, skriv avisa Fjordingen.

- Sleppt byttet

- Det som skjedde var utan tvil at ørna hadde haren i klørne, og så har ho sleppt eller mist byttet sitt ned på skifertaket, fortel Beate Ø. Glomnes. Ørna tok ikkje sjansen på å gå ned på tunet for å sikre seg maten sin.

- Stor høgde

Tor Glomnes trur ørna har sleppt haren frå stor høgde, for skiferhellene er tjukke og sterke, og det skal ein del til for å knuse dei.

- Det er ikkje uvanleg at vi ser ørn på Glomnes, seier Tor Glomnes, som ikkje ser ørna som noko trugsmål for sauene, som no er ute på bøen med små lam. Han er meir redd for reven.