Hard kamp om lærlingplassane

HØYANGER (NRK): Så mange som 102 ungdommar søkte på 10 ledige lærlingplassar som energimontørar hos kraftselskapet BKK

Leiarar i BKK

LEITAR ETTER RETT KANDIDAT: seksjonssjef Birgitte Svanevik (f.v.), avdelingsleiar for lærlingar Knut Fossdal Århus, og personalsjef Gunnar Ramsdal ser etter to lærlingar til stasjonen på Dalsøyra i Gulen.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

To av lærlingplassane er ved BKK sin stasjon på Dalsøyra i Gulen. For Martin Dyrøy frå Brekke er det ein av desse lærlingplassane som står øvst på ynskjelista.

– Eg har veldig lyst på lærlingplassen fordi eg tykkjer det ser ut som ein spanande og fysisk jobb og fordi den ligg so nært heimstaden min.

Martin håpar difor at han har gjort eit godt inntrykk, til trass for lite erfaring med slike prosessar.

– Eg var litt nervøs, men eg tykte det gjekk bra, seier Martin.

Martin Dyrøy

NETT FERDIG: Martin Dyrøy har nett vore inn til intervju. Han håpar han fekk overtydd BKK om at han er rett kandidat.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Store ressursar

Ni ungdommar frå fylket er kalla inn til intervju. På Øren hotell i Høyanger blir dei møtt av personalsjef Gunnar Ramsdal, seksjonssjef Birgitte Svanevik og avdelingsleiar Knut Fossdal Århus.

– Vi brukar store ressursar på dette fordi vi vil ha gode lærlingar som ynskjer å bli her i distriktet og då gjerne i vår verksemd, seier personalsjef Gunnar Ramsdal

Elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane, Venke Nordeide, trur det er bra både for verksemdene og lærlingane at lærlingane blir kalla inn til intervju.

– Då er det større sjanse for at det blir ein god match mellom verksemda og lærlingen. Dessverre ser vi av og til at lærlingar sluttar fordi denne prosessen ikkje alltid har vore god nok.

Krevjande jobb

Energimontørar er for andre mest kjende som dei som klatrar i straummastene, noko som er krevjande nok, men det kan vere svært varierte oppgåver som ventar ein energimontør. Knut Fossdal Århus meiner difor det er viktig å finne den rette lærlingen.

– Å vere energimontør kan tidvis vere svært krevjande, ikkje minst her på Vestlandet. Mange av oss hugsar jo godt herjingane til Nina i vinter. Den førte til store øydeleggingar og tilsvarande utfordringar for våre energimontørar. Slikt ekstremvêr er ikkje heilt uvanleg i vårt område, og vi er difor avhengige av framtidige tilsette som taklar litt ver og vind.

Birgitte Svanevik er overtydd om at det er fornuftig å bruke god tid på lærlingeprosessen og er sikker på at dei skal klare å finne gode lærlingar.

– Eg har blitt veldig imponert over ungdommane vi har hatt inne so langt, so dette trur eg skal bli bra, seier ho.