«Eg har aldri vore så flau i mitt liv»

For 13 år sidan audmjuka Stabæk Terje Skjeldestad på det sterkaste på Fosshaugane. Søndag møtes dei igjen.

Terje Skjeldestad

HISTORIE: Som spelar har Terje Skjeldestad sleppt inn 36 mål på 13 seriekampar mot søndagens motstandar, Stabæk. Verst gjekk det i sesongavslutninga for 13 år sidan då gjestene sigra 9-0 på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare sisteskansen for Sogndal vakta buret då bærumsklubben valsa over allereie nedrykksklare sogningar og vann heile 9-0 i sesongens siste kamp.

– Vi hadde allereie rykt ned og det stadfesta vi vel til gagns i den kampen. Det var heilt komikveld. Eg har aldri vore så flau i heile mitt liv. Tape 0-9 framfor eigne supporterar. Eg kan le no, men huffa meg, humrar Skjeldestad som i dag er assistenttrenar i Sogndal.

Reiste rett på ferie

Som spelar har Skjeldestad møtt Stabæk 13 gonger i serien. Ein fjerdedel av måla han har sleppt inn mot bærumslaget, kom i ein og same kamp - den 25. oktober 1998.

Skjeldestad var berre 20 år gamal då det som skulle bli cupmeistrane 1998 vitja Sogndal i serieavslutninga. Kampen sit framleis friskt i minne.

– Eg hugsar dei var veldig effektive og leia 4-0 til pause. Så kom dei på bana til andre omgang og etter tre minutt leia dei 6-0. Eg reiste rett på ferie etterpå. Det vart den mest kjærkomne ferien eg har hatt. Eg måtte berre komme meg vekk litt, ler Skjeldestad.

Ikkje til gjentaking

Den tidlegare keeperen ler godt av dette eine møtet med søndagens motstandar. Men faktum er at Skjeldestad og Sogndal har slite med bærumslaget sidan første møte i 1997.

Berre fem sigrar er det blitt på 15 seriemøte. Ni av kampane har enda i tap. Likevel, Sogndal har vunne tre av dei til no sju oppgjera på Fosshaugane. Skjeldestad er trygg på at historia frå 1998 ikkje vil repetere seg - nær dagen 13 år etter.

– Det blir ikkje det same no. Dette er ein matchball for oss i høve til å halde oss i divisjonen. Samstundes møter vi eti spelande godt Stabæk-lag, som er revansjesugne etter tapet for Aalesund, trur Skjeldestad.

Vil slå bestekompisen

Sogndal møter eit Stabæk-lag som er inne i ei turbulent tid. Dei slit økonomisk og påtalenemnda i Fotballforbundet har føreslege rekordstreng straff etter overgangsbråket kring Veigar Pall Gunnarsson til Vålerenga. Sportsleg har dei ti poeng på ni siste seriekampar.

Isak Scheel

CUPFINALE: Isak Scheel meiner søndagens oppgjer mot gamleklubben blir reine cupfinalen.

Foto: Rune Fossum

Tidlegare Stabæk-spelar Isak Scheel bryr seg fint lite om det. Når laga møtes søndag håpar han å kunne senke gamle lagkameratar, og bestekompisen Mikkel «Mix» Diskerud, med scoring.

– Dette er ein av dei kampane eg gler meg aller mest til i løpet av sesongen. Det hadde vore utruleg morosamt å slå Stabæk her på søndag, seier han.

– Vi skal klinke til

– Det gjekk bra på Telenor tidlegare i år, og dei skal søren meg ikkje få det lett her på Fosshaugane. Vi er veldig klar. Vi vil ha tre poeng søndag. Vi vil avgjere dette på søndag. Dette er første matchball, held Scheel bestemt fram og siktar til fornya eliteseriekontrakt.

Skjeldestad seier Sogndal har budd seg godt til møtet. Både Mats Solheim og Even Hovland er attende i troppen. Førstnemnde var skadd mot Tromsø, medan Hovland var suspendert. Cato Hansen er framleis skadd.

– Med god gamal hauststemning skal vi selje oss dyrt på Fosshaugane. Vi skal klinke til, og skulle det ikkje halde, så skal dei søren meg få stå på om dei skal ha poeng, forsikrar assistenttrenaren.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.