Sogndal fekk seg verkeleg noko å tygge på då dei skulle analysere tippeligakampen mot Stabæk i helga.
Akkurat kva slags film det var er det kanskje ikkje noko poeng i å vere heilt konkret på.
Det var taklingar frå Raoul (t.v.) sogndalsspelarane hadde venta å få sjå. Arkivfoto: Marit Hommedal, Scanpix.
Men augevitne fortel at det var på høgde med det fremste innan sin sjanger. Ein lattermild Sogndal-leiar seier det var «noko av det sværaste eg nokon gong har sett».
Uvande taklingar
Det var spesielt utvisinga av stopparen Raoul Kouakou som skulle studerast på videokassetten. I staden fekk spelarar og trenarar sjå grep og taklingar som nok også ville ført til utvising om dei hadde skjedd under ein fotballkamp.
Det er vanleg at norske tippeligaklubbar gir bortelaget ein videotape av kampen som kan brukast til analyse. Ingen i Sogndal-leiren ville seie så mykje om filmen dei fekk etter kampen mot Stabæk, bortsett frå at det analytiske utbytet var heller tynt.
Teken på senga
- Beklagar, men... seier Ingebrigt Steen-Jensen.
Ingebrigt Steen-Jensen i Stabæk-leiinga blei først litt perpleks då han fekk høyre om dette. Men han brukte ikkje lang tid på å finne ei forklaring. Han seier at dei fekk videoen frå eit anna lag då dei spela bortekamp, og at det vert spennande å sjå kvar filmen hamnar neste gong.
Beklagar - men...
Steen-Jensen har snakka med assistenttrenaren som beklagar det som har skjedd - ikkje fordi dei ikkje trur at sogndølene toler å sjå filmen - men fordi dei er leie for at dei ikkje har han sjølv lenger...