Hopp til innhold

Eirik Sønnerheim og sambuaren fekk flytte heim att

FLÅM (NRK): I oktober 2014 måtte han og sambuaren evakuere frå huset sitt. Etter fire år med sikringsarbeid kan paret no bu trygt ved sidan av Flåmselva.

Tre hus er tekne av flaumen i Flåm.

FLAUM: Slik såg huset til Eirik Sønnerheim og sambuaren ut då NRK flaug over flaumområdet i oktober 2014.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Vel halve huset og store delar av grunnmuren var jo vekke, fortel Eirik Sønnerheim medan han ser utover eigedomen sin som ligg side om side med Flåmselva.

Det var i oktober 2014 at store mengder med vatn gjorde Flåm i Aurland om til eit flaumområde. I alt vart over 140 personar evakuerte, og fleire hus vart tatt av dei enorme kreftene som var i Flåmselva.

No har NVE brukt 45 millionar kroner på å sikre elva slik at ein liknande flaum ikkje skal kunne skje igjen. I alt er tre kilometer med elvestrekning sikra, og i tillegg er det fjerna lausmassar i store deler av elva.

Sikring av Flåmselva

FLÅMSELVA: Tre kilometer av Flåmselva er sikra for å unngå at flaum skal øydelegge hus og infrastruktur.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

For Sønnerheim betydde det at dei kunne bygge seg eit nytt hus og flytte heim att. Han er klar på at det var dette som skulle vere heimplassen for han og sambuaren.

– Det er godt at vi fekk bygge opp att, seier han.

Nytt hus

NYTT HUS: Slik ser Sønnerheim sitt nye hus ut.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Skal sikre bebuarane

– Den situasjonen som var i oktober 2014 var dramatisk for veldig mange menneske. Det viktigaste er å sikre dei som bur i Flåmsdalen, seier Brigt Samdal som er regionsjef i NVE om sikringstiltaka som er gjort.

Han fortel at bustadane og Flåm skule no er sikra mot øydeleggingar frå flaum. I tillegg elva fått meir plass og det er lagt ned stein som skal styre vatnet. Det har vore ekstra fokus på å hindre utvasking av lausmassar på sidene av elva.

Brigt Samdal

STOLT: Regionsjef for NVE, Brigt Samdal, var stolt då han i dag kunne vise fram arbeidet NVE har gjort i Flåm. Dei har samarbeida tett med kommunen for å sikre Flåmsdalen mot flaum

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Om flaumen i 2014 hadde kome i dag, kva hadde skjedd då?

– Etter alt og dømme ville det ha gått betydeleg betre, seier Samdal

Han legg likevel til at dei aldri kan gi garantiar når det gjeld naturen. Han meiner likevel dei sikringstiltaka som er gjort vil utgjere stor forskjell.

Store endringar

Då Sønnerheim får sjå bileta frå flaumen vert han ordknapp. Han kan knapt beskrive den kjensla det var å møtte evakuere frå heimen i full fart. No kjenner han seg trygg på at arbeidet som er gjort skal sikre det nye huset og grunnmuren hans.

Her skal dei bu

NY HEIM: Eirik Sønnerheim og sambuaren har bygd seg nytt hus der det gamle stod. Takka vere sikringstiltaka til NVE står det nye huset på tryggare grunn.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Like stor utfordring som at vatnet fant nye vegar var dei enorme kreftene som grov ut masser, grunnmurar og vegar. Dei gamle steinmurane som var bygt for hand er no bytta ut med store steinar som skal tole ein 200-årsflaum. Det er heller ikkje berre bygd opp utan å tenke på korleis det skal sjå ut, og det er Sønnerheim glad for.

– Det skal NVE skryt for, dei har laga det til slik at det ser ut som eit kulturlandskap, seier Sønnerheim.

Herjingane i Flåm etter flaumen

FLAUM: Slik såg det ut i Flåmsdalen i oktober 2014. Det kvite huset til venstre for elva, omtrent midt på bilete er huset til Sønnerheim.

Foto: Oddleif Løset / NRK