– Redningshelikopteret har gjort søk frå lufta i laurdag, men utan resultat og vi brukar det no til å frakte mannskap inn i leiteområda, seier Trond Hatlenes, som er operasjonsleiar i ved Sogn og Fjordane Politidistrikt
40 personar frå Sivilforsvaret i Årdal og Aurland, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshundar deltek no i leitinga etter den
- Les også:
- Les også:
Sist sett torsdag ettermiddag
– Den siste sikre observasjonen som skal vere gjort av mannen er ved Naturhuset på Skåri i Utladalen om lag 14.30 torsdag, seier Hatlenes.
Mannen vart også observert ved 12-tida torsdag, då han kom med bussen frå Årdalstangen.
–Fotpatruljer søker no igjennom Utladalen, Moadalen, og området der han bur. Det blir og gjort finsøk langs elva Utla.
Det er og patruljer som søker i terrenget opp mot Vetti og Avdalen.
– Det er og planlagt å søke i hytteområde på Vettismarki.
Trur mannen har vore på tur
Søket vart starta seint fredag kveld då mannen ikkje hadde vore sett sidan føremiddagen torsdag. Så langt står politiet utan spor etter 24-åringen.
- Les også:
Politiet har tidlegare uttalt at dei ikkje mistenker at det skal ha skjedd noko kriminelt. Dei trur hell ikkje at han har reist frå Årdal, for både mobiltelefon og lommebok ligg igjen på bustaden hans.
– Vi held fram leitinga med full styrke ut over dagen og kvelden, seier Hatlenes