Hopp til innhold

Politiet ber publikum sjå etter sakna

Politiet håpar på ekstra hjelp frå publikum som i dag deltek på Nasjonalparkfestivalen i Årdal, i søket etter ein sakna asylsøkjar.

Leiteaksjon etter asylsøkjar i Øvre Årdal

BASE: Leiteaksjonen blir leia frå Norsk Folkehjelp sine lokale i Øvre Årdal.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Arrangementet ved Vettisfossen er i same turområde som det sidan fredag kveld har vore søkt etter mannen. Mannen er truleg iført ei lysegrå jakke.

Siste sikre observasjon av mannen er ti 12-tida torsdag då han kom med bussen frå Årdalstangen.

– Det er venta ein del folk i området i samband med arrangementet. Vi å kunne nytte oss av alle dei ekstra auga som er i området og at publikum er ekstra merksame på at det går føre seg ein leiteaksjon, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Etterlyser joggar

Sakna asylsøkar

SAKNA: Mannen er av eritreisk opphav.

Foto: Politiet

Norsk Folkehjelp er allereie i gang med søket, og Røde Kors og Norske Redningshundar er venta å slutte seg til søket etter kvart. Ei eventuell opptrapping blir vurdert fortløpande.

Politiet etterlyste laurdag føremiddag ein joggar som kan ha sett den sakna i Vettisbakken. Vedkommande vart observert av ein turgåar som også såg den sakna.

– Observasjonen var kring Naturhuset i Skåri etter klokka 1430. Joggaren var då på veg mot Vetti, og dersom han har jogga same vegen tilbake så kan han ha møtt den sakna, om dei framleis var på same stien, seier Hatlenes.

Held fram søket

Etter søket fredag kveld og natt til laurdag står politiet utan spor.

Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun

INNSATSLEIAR: Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, leiar leiteaksjonen frå Norsk Folkehjelp sine lokale i Øvre Årdal.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Vi ynskjer informasjon om alt som kan vere av observasjonar som kan ha med personen vi leiter etter. Det vere seg i terrenget eller andre stadar. Ein kan godt ringe oss på 02800, seier Hatlenes.

Førebels medverkar Sivilforsvaret, tre hundeekvipasjar frå Norske Redningshundar, sju personar frå Røde Kors, seks personar frå Norsk Folkehjelp og tre personar frå politiet.

– I tillegg er eit redningshelikopter på veg, seier Hatlenes.

Held fram søket

Området det blir søkt i er eit område mannen tidlegare har nytta. Førebels meiner politiet at mannen har vore ute på ein ny tur. Både mobiltelefon og lommebok låg att på bustaden hans.

Politiet mistenkjer ikkje at det har skjedd noko kriminelt.

Utsikt frå Moakamben i Øvre Årdal

MOAKAMBEN: Utsikt frå turområdet der det no blir leita etter den sakna mannen frå Eritrea.

Foto: Siren B. Svortevik

– Ut frå den informasjonen vi har per no, så er det området Hjelle og Skåri, og vidare nordaustover Utladalen som er utgangspunkt for vidare søk i dag, seier Hatlenes.

– Så må vi gjere ein del avhøyr i løpet av dagen og sjå om vi får fleire tips som kanskje endrar planen vidare for dagen, men det må vi ta etter kvart.

Håpar å finne svar

Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal

HÅPAR: Ordførar Arild Ingar Lægreid håpar søket i dagslys kan gje dei svar på forsvinningsmysteriet.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap) håpar søk i dagslys kan gje svar på kva som har skjedd med den sakna mannen.

Han slutta seg i dag til basen hos Norsk Folkehjelp for å syte for at kommunen medverkar med det dei kan. Mellom anna mat til hjelpemannskap.

– No har vi fått på plass Sivilforsvaret og det er fullt trykk på søket i dag. Eg tykkjer det er leitt at nokon er sakna i kommunen. Det er ikkje noko vi ynskjer og noko som vi må prøve å finne ut av, seier han.

Leiteaksjon