Hopp til innhold

Har sendt inn søknad om å få rive historisk hotell

Eigaren av Hotel Mundal i Fjærland har søkt Sogndal kommune om å rive heile den ærverdige og historiske bygningen.

Hotel Mundal i Fjærland

VIL RIVE HOTELLET: Eigaren av Hotel Mundal vil rive hotellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I ein søknad til kommunen ber eigar Ola Moe om løyve til å rive Hotel Mundal. Eit hotell som i 125 år har husa alt frå kongelege til musikkstjerner, og som blir rekna som ein av dei vakraste bygningane ved Sognefjorden.

Men sjølv om Moe skriv svart på kvitt at han vil rive, så hevdar han at søknaden er ein protestaksjon.

– Det er ein søknad som ikkje er basert på eit ønskje om å rive hotellet. Hotellet må pussast opp betydeleg, det er eit stort vedlikehaldsetterslep som syner seg vanskeleg å finansiere ut frå den drifta som er, seier Moe til NRK.

Han peikar på at hotellet i ro rundar med taksering har fått auka skattetaksten, slik at rekninga for eigedomsskatten blir større og større.

– Dei midlane vi skulle brukt til å renovere må brukast til å betale skatt til kommunen, hevdar Moe.

– Vi meiner det er urimeleg

Moe avviser at rivesøknaden er ein metode for å presse Sogndal kommune til å gje dei redusert eigedomsskatt, men han hevdar at skattetaksten er ein måte å presse midlar ut av dei som eigarar.

– Samtidig vil eg seie at eg på mange måtar ikkje klandrar kommunen. Eg forstår at kommunen må finansiere sine aktivitetar og at dei brukar dei midlane dei har høve til å bruke, seier Moe.

Han meiner likevel at det er urimeleg at dei som forvaltar av ein historisk hotelleigedom med store behov for vedlikehald burde sleppe å betale eigedomsskatt.

– Særleg på denne typen eigedomar der vedlikehald og drift ikkje går i pluss, og eigarane må finansiere det som er ein kulturskatt. Vi meiner at det er urimeleg at det blir kravd inn eigedomsskatt på ein slik eigedom, seier Moe til NRK.

Det var på våren i fjor at hotellet opna på nytt etter at det måtte stengast, etter at blant anna økonomiske problem. Ola Moe overtok hotellet i 2014.

– Trudde du inst inne at kommunen kom til å fatte eit ja-vedtak på dette?

– Inst inne så ønskjer eg ikkje at hotellet skal rivast, og det er jo ikkje det som er vårt primære mål. Det er å setje fokus på ein heilt urimeleg skatt på eit urimeleg skatteobjekt. I høve den verdien hotellet har, så er det heilt urimeleg at ein skal betale skatt for å gjere ein samfunnsinnsats.

– Hotellet vil forfalle over tid

Eigaren slår fast at rivesøknaden er ein del av ein del av ei sondering der dei ser på kva moglegheiter dei har.

– Det er ingen tvil om at om at dersom vi ikkje kan finansiere drift og vedlikehald, så kan vi heller ikkje drive som hotell. Ergo så vil det heller ikkje kome inntekter til å betale for naudsynt vedlikehald. Då er det ikkje så mange alternativ igjen. Hotellet vil forfalle over tid. Ei eller anna løysing må vi finne.

– Er det ikkje nesten litt useriøst å søkje om noko så alvorleg som riving, dersom ein ikkje er sikker på at det er det ein ønskjer å gjere?

– Ja, men det kan bli ein naudsynt konsekvens. Det er ikkje useriøst å vurdere dei alternativa som finst. Det ville vore useriøst å ikkje vurdere dei ulike alternativa. Eg forventar at kommunen sakshandsamar, så vil vi ta stilling til den sakshandsaminga som kjem fram. Eg trur at vi og kommunen snakkar same språk og inst inne er samde. Men i dette tilfellet så blir vi råka urimeleg hardt. Eg klandrar ikkje Sogndal kommune isolert sett, men meir systemet rundt dette som fører til næringsfiendtleg skattlegging, slår Moe fast.

Overraska Sogndal-ordførar

For ordførar Jarle Aarvoll var dette ein uventa søknad.

– Det overraska meg då eg fekk søknaden. Det er eit kulturhistorisk bygg med særs stor verdi i Fjærland.

Søknaden skal handsamast i kommunen. For Aarvoll er det fleire argument som tilseier at bygget bør bestå.

– Dette er eit viktig hotell. Sett frå min ståstad så vil nok eg følge tilrådinga frå kulturavdelinga. Hotellet har ei framtid i den forma den er i, seier Aarvoll.

Sogndal kommune har bedt Sogn og Fjordane fylkeskommune om ein uttale. Det er kulturavdelinga til fylkeskommunen som er høyringspart i saka.

– Fylkeskommunen tilrår at Hotel Mundal ikkje kan rivast, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

I tilrådinga frå fylkeskommunen legg ein vekt på at hotellet er eit kulturminne av spesielt høg verdi.

– Hotellet har ein spesiell høg kulturhistorisk interesse og representerer den tidlege utviklinga av reiselivet på Vestlandet.