NRK Meny
Normal

I mai blir tradisjonsrikt hotell opna att

I fjor var Hotel Mundal stengt for første gong på over hundre år, sett bort frå verdskrigane. Men snart skal det opnast att.

Mundal Hotel i Fjærland

ENDELEG: Hotel Mundal var stengt i fjor, men skal opnast att i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det blir ikkje noko kjempebutikk det første året, seier hovudeigar av Hotel Mundal, Ola Moe. Hotellet skal opnast i løpet av mai, etter at blant anna økonomiske problem førte til at det var stengt i fjor.

– Hotellet er ope for booking frå midten av mai, seier han.

Moe har tidlegare blitt kalla «kulturinvestor», og har sagt at han håpar at kultur og økonomi kan gå hand i hand. Men ikkje med det første.

– Eg trur det kan bli ei stund til me ser milliardane, seier han. Det har vore mange utfordringar sidan han tok over som eigar. Dei har blant anna betalt mange hundre tusen kroner i gebyr for seint innleverte årsrekneskap.

– Taket er veldig dårleg, og det er ein del tekniske forhold som må løysast. Me ynskjer å få det tidsriktig – slik som hotellet opphavleg var teikna – men samtidig halda oppe komforten.

Mundal Hotel ca. 1895

TRADISJONSRIKT HOTELL: Slik såg hotellet ut rundt 1895. Både kongar, dronningar og visepresidentar har budd på hotellet.

Har funne lokal drivar

Moe har sett på det som svært viktig å finna lokale personar til å driva hotellet. Då Idar Kvam kontakta han, vart han svært nøgd.

– Han er halvt fjærlending og har erfaring med servering og hotell. Idar Kvam er veldig sjølvgåande, rosar Moe.

Håpar på stordriftsfordelar

Ola Moe eig fleire overnattingsstader i tillegg til Hotel Mundal, blant anna Tørvis Hotell og Nigardsbreen Gjesteheim i Luster kommune. Han håpar på stordriftsfordelar.

– På sikt blir den viktigaste stordriftsfordelen fordelinga av kostnader til sal og marknadsføring, forklarer han.

– Skal ein lukkast, så er sal og marknadsføring alfa og omega.

Hotel Mundal i Fjærland

INGA GULLGRUVE MED DET FØRSTE: Ola Moe håpar at hotellet vil bli lønsamt etter nokre år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.