Ifølgje Alarmsentralen oppdaga dei to som var i bilen røyk då dei var på veg opp bakkane frå Førde sentrum i retning mot Langeland. Bilen vart ståande i området ved Bekkjavatnet.
Dei to skal ha kome seg uskadde ut av bilen.
Brannvesenet vart sende til staden, men då dei kom fram var situasjonen under kontroll.
– Det er i motorrommet det har vore tilløp til brann. Det kom røyk, men det har ikkje vore snakk om flammar å sjå, seier vaktleiar Nina Andal ved Alarmsentralen i Florø til NRK.no klokka 18.30.
Det skal ha danna seg køar på begge sider.
Bilen er ikkje køyrbar og måtte fjernast av bilbergar.