Hopp til innhold

Har raude tal og behov for ny kurs

Sviktande inntekter, manglande leiing og raude tal for fjoråret er berre noko av det styret må ta fatt i framover.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter

TRENG NY LEIING: Ein ny sesong står for tur ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. For første gang sidan 2008 gjekk senteret med underskot i fjor.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det var kalla inn til ekstraordinært årsmøte på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn onsdag.

Bakgrunnen er at stiftinga i lengre tid har stått utan ein valt styreleiar. Den tidlegare styreleiaren trekte seg i fjor haust, og samstundes som ein ny høgsesong nærmar seg, er dagleg leiar ved senteret langtidssjukmeldt.

Årsmøtet viser at det nye styret får mykje å ta tak i.

Ny styreleiar fekk servert raude tal

Professor i geologi Arne Bjørlykke vart valt til ny styreleiar ved nasjonalparksenteret.

I fjor opplevde nasjonalparksenteret ein betydeleg svikt i inntektene.

professor Arne Bjørlykke

STYRELEIAR MED ERFARING: Nyvald styreleiar Arne Bjørlykke Bjørlykke er tidlegare direktør ved Norges geologiske undersøking (NGU). Fram til i fjor var han direktør ved Naturhistorisk museum i Oslo.

Foto: Silje Guddal / NRK

Inntektene gjekk ned frå 6,3 millionar kroner i 2014 til 4,3 millionar i 2015. Reduksjon i restaurantinntekter og billettinntekter er hovudårsaka. Bruken av senteret utanom høgsesongen vart òg redusert i 2015.

– Eg trur at vi kjem til å få senteret til å fungere tilfredsstillande også i år, men for å utvikle senteret, meir så treng vi meir tid, seier Bjørlykke.

Senteret gjekk 400.000 kroner i minus i 2015. Til hausten vil ei rekkje aktørar samlast for å utveksle idear og peike ut retninga vidare.

Tilbake til opphavet

– Korleis skal ein klare å løfte senteret som har sviktande inntekter og raude tal?

– Eg trur at viss vi får senteret i normal drift, så vil vi få opp inntektene att. Men det er ei utfordring å vere gode og kreative nok, seier den nyvalde styreleiaren.

Styret i Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

NYTT STYRE: Frå venstre Svanhild Lothe, Synnøve Stalheim, Anne Mari Hjelle, Roar Berge og styreleiar Arne Bjørlykke.

Foto: Silje Guddal / NRK

Under årsmøte påpeikte fleire behovet for ein tydeleg kurs for senteret framover. Mellom dei, Anne Mari Aamelfot Hjelle i Den Norske Turistforening.

– Vi trur at utviklinga med store selskap som skal ete store lunsjar ikkje nødvendigvis eignar seg i eit nasjonalparksenter. Det finst mange andre gode serveringsstadar, påpeikar Hjelle.

Hjelle meiner nasjonalparksenteret har eit stort potensial som ikkje er utnytta, innan aktivitetar og kurs med tema knytt til senteret.

– Vi vil heller legge vekt på det som er senteret sin opphavlege ide, nemleg det å drive med informasjon om natur og friluftsliv.

Anne Mari Aamelfot Hjelle i DNT

NY KURS: Styremedlem Anne Mari Aamelfot Hjelle meiner nasjonalparksenteret har eit stort potensial som ikkje er utnytta.

Foto: Silje Guddal / NRK

Treng ny leiing

Under styremøtet i dag vart også situasjonen rundt leiinga ved senteret diskutert.

– Det er veldig viktig å få løyst denne situasjonen. Vi vil både sjå på kortvarige løysingar for å gjere sesongen 2016 best mogleg. Så må vi sjå på dette i eit langvarig perspektiv, seier Bjørlykke.

Kor raskt ei ny leiing kan kome på plass kan ikkje Bjørlykke svar på i dag.