Hopp til innhold

Har mista trua på felles Vestlandshøgskule

Dei gjentekne sjølvstendeerklæringane frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, gjer at viljen til å jobbe for samanslåing av høgskulane på Vestlandet har falma i Bergen.

Ole-Gunnar Søgnen

LITE AKTUELT: Ettersom Høgskulen i Sogn og Fjordane standhaftig står fast på at dei vil vere sjølvstendige, har rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, mista trua på ein felles Vestlandshøgskule.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Når vi inviterer og ser moglegheit for ei bra løysing for framtida, og ikkje får respons, så er det klart at motivasjonen fell litt. Vi ynskjer ikkje å fusjonere med ein institusjon som på ingen måte vil fusjonere med oss, seier rektor ved Høgskulen i Berge, Ole Gunnar Søgnen.

Det uvillige motparten er først og fremst Høgskulen i Sogn og Fjordane, som sidan strukturendringane innan høgare utdanning vart varsla, har vore klare på at dei vil stå åleine.

Trur høgskulen i Sogn og Fjordane kjempar fånyttes

Seinast i møte med Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sist veke, understreka høgskulestyret frå fjordfylket at dei helst vil møte framtida åleine. Høgskulerektoren i Bergen trur det blir ein kamp i motbakke.

– Ser ein på bestillinga, så er ikkje det ein veg å gå. Det skal bli større institusjonar. Eg forstår det slik at det kjem bestilling om å forme ut ein plan b og kanskje også ein plan c, seier Søgnen.

Det er Kunnskapsministeren og departementet som har varsla at dei ynskjer å gjere endringar i måten høgare utdanning er organisert på, og større einingar er varsla som eit mål. Dei har også varsla at tvangssamanslåing kan bli aktuelt, dersom institusjonane ikkje klarer å finne saman sjølve.

Åse Løkeland

SAMARBEID: Eit nei til fusjon, betyr ikkje nei til mykje og forpliktande samarbeid, seier rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Samarbeid vel så viktig som samanslåing

Medan håpet om ein felles Vestlandshøgskule falmar i Bergen, trur ikkje rektoren i Sogn og Fjordane at dei er sett på sidelinja når høgskulekabalen skal leggast.

– Viss vi vil vere sjølvstendige, så treng vi ikkje å frykte å bli sjølvstendige. Det må vere konsistens i måten vi argumenterer på, seier Åse Løkeland.

Ho understrekar også at eit nei til fusjon ikkje betyr nei til samarbeid.

– Når det gjeld samarbeid har vi vore vel så forpliktande som Bergen i å få det til, seier Løkeland.