Hopp til innhold

Har leia krevjande milliardprosjekt med 500 mann

To svære isbrytarar står klare til levering frå Havyard Leirvik. At arbeidet kom i mål til rett tid, pris og kvalitet kan Erlend Hatleberg ta mykje av æra for.

Erlend Hatleberg i Havyard.

I MÅL: Etter fleire år med intens jobbing står dei to isbrytarane klare. – Folk er stolte over arbeidet som er gjort, seier prosjektleiar Erlend Hatleberg.

Foto: Sondre Dalaker

– Det har vore 400–500 mann på jobb. Dei har jobba nattskift og skubba på arbeidstida. Det har vore aktivitet frå måndag til måndag, seier prosjektleiar Erlend Hatleberg.

Laurdag skal desse isbrytarane døypast.

POMOR OG NORMANN: Isbrytarane har fire hovudmotorar kvar og er innreia med plass til 53 personar.

Foto: Havyard

I 2013 fekk Havyard kontrakten om å bygge tre gigantisk isbrytarar. Sidan då har Erlend Hatleberg hatt nok å halde styr på for at dei russiske kundane skulle få skipa innan fristen. Den første var ferdig i fjor, og no ligg dei to siste til kai, klare for dåpsseremoni laurdag. Så går turen vidare til hardføre område kring Shakalin, nord for Japan. Og seglingsruta har sett eit ekstra press på verftet i Leirvik, for nordaustpassasjen kjem ein ikkje gjennom heile året.

– Vi har hatt eit kjempepress alle mann, men vi har stått samla for å klare det. Vi såg feriane kom til å ryke, men vi prøvde å mobilisere gjengen på Havyard for å kome i mål. Og det klarte vi.

Enorme mengder material

Pomor og Normann som dei to isbrytarane skal heite, skal bryte is, drive supply og tauetenester til oljefelta utanfor Sakalin-området, mellom Russland og Japan. Isbrytarane er nær 90 meter lange og 19.5 meter breie. 400 000 meter kabel har gått med, det same har 150 000 liter måling og 15 000 meter røyr.

Normann testar at utstyrt fungerer som det skal.

NORDAUSTPASSASJEN: Normann og søsterskipet Pomor måtte vere klart innan vinteren, elles ville dei ikkje klare å nå fram til Shakalinområdet gjennom nordaustpassasjen. Isbrytarane skal mellom anna levere utstyr til oljeriggar i området.

Foto: Havyard

– Det har vore krevjande, men det visste vi. Vi la gode planar, og tok med oss mykje erfaring frå fyrste isbrytaren vi bygde. Vi var meir budde enn nokon gong. Nokre ting skar seg, men jamt over gjekk det bra, seier Hatleberg som har jobba ved verftet i sju år.

Han tykkjer det både er vemodig og godt å endeleg levere frå seg prosjektet, og innrømmer at han no er rimeleg lei.

– Men motivasjonen kjem igjen når eg berre får litt pause. Og dette betyr enormt mykje for verftet. Det er eit stort utstillingsvindauge for verda. At vi leverer når vi skal, det vi skal og til rett pris, det blir lagt merke til, forsikrar han.