Oldefaren var ein av elevane til kunstnaren Nikolai Astrup, og døydde fem år før Maria Gustavsen Rakstad vart fødd.
– Mamma seier eg har det i genane. Eg skulle gjerne møtt han, men det hjelper å vere omgitt av bileta hans heime, det inspirerer meg veldig, fortel Rakstad.
Her har Rakstad måla Vonavatnet i Naustdal, etter å ha blitt inspirert av oldefaren sitt måleri av same vatnet:
Sekstenåringen er ein av kunstnarane som er utstilt på UKM-festivalen i Sogn og Fjordane på Førdehuset denne helga.
Ho er fødd og budde dei første åra i Naustdal, før familien flytte til Skjåk for ti år sidan. I fjor flytte ho tilbake til Naustdal og besteforeldra sine då ho ikkje kom inn på den skulen ho ønskte i Oppland.
– Eg ville so gjerne gå formgjeving, men kom ikkje inn heime. Då flytte eg hit, og troppa opp på Hafstad første skuledag og tigga om å få gå der. Og det fekk eg heldigvis lov til, seier Rakstad fornøgd.
- Les også:
Kom vidare i to fylke
Ho melde seg på UKM i begge fylka, med to forskjellige måleri. Og ho kom vidare til fylkesfestivalen både i Oppland og i Sogn og Fjordane.
– Det var veldig kjekt! Eg melde meg på UKM her med eit måleri med motiv frå Skjåk, og so melde eg meg på UKM i Skjåk med eit måleri med motiv frå Naustdal. Det er kjekt å få tilbakemelding frå juryen, og so håper eg at eg kan få med eitt av måleria til landsfinalen i Trondheim seinare i vår, fortel ho med eit smil om munnen.
- Les også:
Drøymer om å leve av kunsten
– Det er ikkje so lett å leve av kunst, men kanskje nokon liker bileta mine so godt at dei vil betale mykje for dei ein gong. Eg har jo ein stil som ikkje so mange andre på min alder har, seier Rakstad.
Men om kunsten ikkje vert levebrødet har ho ein reserveplan på lur.
– Eg har også veldig lyst til å bli sjukepleiar, so eg kjem nok til å satse på det. Og so kan målinga vere ein god hobby, avsluttar Rakstad.