NRK Meny
Normal

Har inga tru på brannsikker treby

Mur- og betongbransjen er skeptiske til den planlagde trebyen i Lærdal.

lærdal

SKEPTISK: Dagleg leiar Jan Eldegard i mur- og betongbransjen trur ikkje den planlagde trebyen i Lærdal vil vere så brannsikker som trebransjen hevdar.

Foto: NRK

– Det er ikkje dokumentert at nye trekonstruksjonar vil hindre brannar i å spreie seg, seier dagleg leiar Jan Eldegard i mur- og betongbransjen.

Denne veka blei det kjent at selskapet Fretland Bygg AS vil bygge ein framtidstettstad med ny, brannsikker teknologi på Indregrandane i Lærdal sentrum.

Men Eldegard tvilar på at den nye treteknologien blir så brannsikker som trebransjen hevdar.

400 nye hus

I januar 2014 blei Lærdalsøyri råka av den verste tettstadbrannen i Noreg sidan 1923. Over 60 bygningar vart råka og av dei vart 42 bygningar totalskadd.

Dersom den nye trebyen blir ein realitet, vil desse gje plass til opp mot 400 nye husvære i Lærdal.

– Dersom dei vel limtre og/eller massivt tre så får dei ein endå betre brannsikker løysing. Bakgrunnen for at limtre og massivt tre er brannsikkert, er at det ved ein brann vil oppstå ei forkulling av det yttarste sjiktet i treverket som gjer at brannen delvis sloknar av seg sjølv, sa Aasmund Bunkholt i Trefokus AS til NRK denne veka.

Vil bygge trehusby i Lærdal

INDREGRANDANE: Dette er området som skal utviklast.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

– Uroa

Ifølgje Bunkholt vil trebygg vere tryggare enn bygg i stål og betong.

– Ved høge temperaturar kan stål smelte og kollapse. Det gjer at ein stor limtrehall er meir brannsikker enn ein stor stålhall.

Eldegard meiner det likevel ikkje er grunn til å seie at den planlagde byen er trygg.

– Sjølv dei nye trekonstrukturarne som er planlagde for Lærdal vil brenne opp. Dette med brannspreiing i gamal og ny trehusbebygging er vi uroa for.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.