NRK Meny
Normal

Har ikkje kome over brannen i 2013

Aurland-ordførar Noralv Distad seier han enno ikkje har kome over brannen i Gudvangatunnelen for to år sidan, og han synest det er svært uheldig at det no brenn igjen i tunnelen.

Ordførar Noralv Distad

TO GONGER PÅ TO ÅR: Ordførar Noralv Distad (H) må konstatere at det nok ein gong brenn i Gudvangatunnelen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

I 13.30-tida fekk politiet melding om brann i ein buss inne i den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen på E16 mellom Gudvangen og Flåm. Ordføraren har enno brannen 5. august 2013 i friskt minne.

– Eg har enno ikkje kome over den tragiske situasjonen sist det brann. Når det no skjer igjen går det inn på oss alle. No må vi gjere alt for å sløkkje brannen og få folk ut.

Set krisestab

Distad er på reise, slik at det er rådmannen i Aurland som no ser krisestab. Men Distad held seg godt informert om det som skjer.

– Det viktigaste no er at folk ikkje blir skadde, eg veit at innsatspersonell er på staden frå ulike hald, dei kjem frå alle kantar. Røykdykkarar går inn og skal ver ei stand til å sløkkje brannen. Og vi gjer det vi kan for å rigge slik at vi i kommunen får gjort det vi skal.

– Svart røyksky

Erna Underdal Skarsbø var på ein geitestøl på Langhuso, som ligg mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen då ho forstod at det på ny var brann i tunnelen.

Eg sat i telefonen og snakka med Lærdal sjukehus då eg plutseleg såg det kom grå røyk, og så kom det ei svart røyksky. Eg vart litt oppkava, eg hugsar att korleis det var for to år sidan. Eg ringde brannvarslinga, men då hadde dei alt fått beskjed.

– Etter ti minutt var det tjukt med røyk inne i dalen, men no er det nesten ikkje røyk att, nett som frå eit lite bål. Det står vaktbilar, og tunnelane er stengde. Eg håpar inderleg at det ikkje er att folk inne i tunnelen, seier Erna Underdal Skarsbø.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser