Natt til 19. januar brann 40 bygningar ned i Lærdal, og det var berre meter om å gjere før brannen også raserte dei gamle verna trehusa.
Det siste brannsikringstiltaket vart gjort i 2011, og no ber kulturvernkonsulent Kåre Hovland, kommunen få fart på brannsikringa.
– Det har gått eit halvt år. Kommunen har gjort mykje på andre område. Men akkurat på brannsikring har det ligge for mykje i ro.
- LES OGSÅ: Storbrannen i Lærdal
- LES OGSÅ: Tre verneverdige hus gjekk tapt
- LES OGSÅ: Til millionar til sikring av trehus
– Er me rusta til å takle ein ny brann?
Ingenting har skjedd for å brannsikre dei gamle husa i Lærdalsøyri etter storbrannen 19. januar. For tre år sidan vart eit brannsikringsprosjekt avslutta utan at der var fullført. Sidan har det stått stille.
Hovland meiner brannen verkeleg burde ha vore ein vekkar.
– Eg tenkjer: kva vil skje om dette skulle skje om att? Står me klare? Er me rusta til å takle det?
Rådmann i Lærdal kommune Alf Olsen jr. seier brannsikringsplanane ligg i papirbunken, men at dei rett og slett ikkje har hatt tid til å gjere noko med dei.
- LES OGSÅ: Storbrannen i Lærdal har auka interessa for brannsikring
- LES OGSÅ: Ber om hjelp til brannsikring
- LES OGSÅ: Vassbasert sløkking gir vasskadar – bruk gass
Lovar å ta tak i problemet
– Me har behov for å sprinkle og utvide det prosjektet på Lærdalsøyri, seier rådmannen.
Men han seier det ikkje har latt seg gjere etter brannen.
– Dessverre, av kapasitetsmessige årsaker, so har me ikkje klart å ta tak i det no. Men me vil jobbe med det vidare framover.
– Skjønar du at dei som jobbar med gamle Lærdalsøyri vert utolmodige?
– Det skjønar eg veldig godt. Eg er utolmodig sjølv, men me har ikkje hatt kapasitet. Det har vore so veldig mange andre ting at me har rett og slett ikkje kapasitet til å jobbe med det no.
Men snart kan planane verte henta fram frå papirbunken.
– Ting byrjar å roe seg ned, og då skal me ta tak i denne problemstillinga.