NRK Meny
Normal

Har funne tilbake til nynorsken

I 2008 tok Brynjulf Jung Tjønn ut offentleg skilsmål frå nynorsken. No fem år seinare har dei funne attende til kvarandre.

Brynjulf Jung Tjønn

GIFT MED NYNORSKEN IGJEN: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn.

Foto: Saeculo

– Med kronikken «Farvel til nynorsken» i Aftenposten gjekk eg høgt ut og sa at eg aldri skulle skrive bøker på nynorsk igjen, skriv Jung Tjønn i ein blogg på Nynorsksenteret.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane, og debuterte med romanen «Eg kom for å elske» i 2002. Han har seinare gitt fleire romanar for vaksne, samt den kritikarroste barnebokdebuten« I morgen skal vi sitte i solen» (2009). I 2013 fekk Jung Tjønn Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er».

Valet

Etter å ha budd i Oslo i seks år valde Jung Tjønn å byte frå nynorsk til bokmål. Årsaka var, fortel han i bloggen, at han etter seks år i Oslo tykte det var blitt forferdeleg vanskeleg å skrive korrekt nynorsk.

Ikkje snakka han dialekt lenger, den hadde han lagt vekk slik at oslofolka skulle skjøne kva han sa.

– Når eg i tillegg jobba i VG der det berre vart nytta bokmål, var det ikkje rart at eg heile tida var vart forvirra når eg skulle skrive bøker på nynorsk, skriv han i bloggen.

Forelska på ny

Jung Tjønn fortel at han fann attende til nynorsken då forlaget hans, Cappelen Damm, bad han bidra med ei novelle til ein antologi for ungdom, der temaet var «Tapt og funnet».

Jung Tjønn gjorde fleire forsøk på bokmål, men fekk liksom ikkje svung over språket. Først då han gjekk attende til nynorsken losna det.

– Eg skreiv ferdig novella på ein time, sende til forlaget og dei gav tommelen opp. Denne novella på seks sider er også dei første seks sidene i det som skulle verte «Så vakker du er», som vann Brageprisen i 2013, skriv han i bloggen.

Reint praktisk er det ikkje stor skilnad på vere bokmålsforfattar og nynorskforfattar. Han har prøvd begge deler, skriv han i bloggen. Men for forfattarskapen hans er den nynorske identiteten hans viktig.

– Hadde eg ikkje gått tilbake til nynorsken, hadde eg aldri skrive «Så vakker du er». Eg hadde aldri vunne Brageprisen. Eg hadde kanskje aldri blitt seld til Tyskland eller Danmark. Eg hadde aldri fått sett romanen min bli dramatisert . Eg hadde aldri skrive den siste boka mi, «Den finaste historia». Begge mine to siste bøker er blitt drivne fram av det nynorske språket, skriv Jung Tjønn i bloggen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.