Hopp til innhold

Blir omsett til tysk

Brynjulf Jung Tjønn sin ungdomsroman "Så vakker du er" er seld til Tyskland og Ungarn. Forfattaren frå Feios i Vik fekk i fjor Brageprisen for boka, som tidlegare er seld til Danmark.

Brynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er

SÅ VAKKER DU ER: Ungdomsromanen til Brynjulf Jung Tjønn blir snart å finne i tysk språkdrakt.

Foto: Cappelen Damm

– Det å få gitt ut boka i eit så stort land som Tyskland, er noko eg har drøymt om. Det er jo Tyskland, Storbritannia, Frankrike og USA som er dei store. Så dette tykkjer eg er heilt utruleg, Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn

BLIR EKSPORTVARE: Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Feios blir no å finne også i bokhandlarar i Tyskland og Ungarn

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Berre ei veke etter at Brynjulf Jung Tjønn vann Brageprisen for ungdomsromanen sin "Så vakker du er" i november i fjor, blei boka seld til Danmark.

For ikkje lenge sidan kom gladmeldinga om at romanen også er seld til Ungarn og Tyskland. To tyske forlag kjempa om å få kjøpa rettane, fortel Jung Tjønn.

Så det blei ei lita bodrunde der då. So no skal den og gjevast ut i Tyskland. Eg er litt usikker på når, men sannsynlegvis neste år.

– For meg er dette ein bonus og ekstra spanande.