Hopp til innhold

Har framleis ikkje hatt full tropp

Åtte av 23 Sogndal-spelarar har vore skadde det meste av sesongen. Med Ahyee Aye Elvis friskmeldt og Per Egil Flo tilbake i trening augnar medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen eit lite lysglimt.

Jasmin Mecimovic ut med skade. Kim Are Jacobsen til høgre.

SKADE ETTER SKADE: Jasmin Mecinovic er ein av mange Sogndal-spelarar som har vore ute med skade tidleg i sesongen.

Foto: Ole André Rekkedal

– Det vil ta ei god stund før alle er tilbake i trening, men vi har litt framgang, seier Jacobsen.

Ahyee Aye Elvis kom innpå i kampen mot Haugesund på søndag og spelte 60 minuttar i Sogndal 2 sin treningskamp på måndag. Den fleksible forsvararen og midtbanespelaren kan løyse ein del problem for trenar Jonas Olsson.

– Vi har framleis ikkje kunne stille med full kamptropp på 18 mann til ein einaste kamp, men vi håpar å få nokre tilbake no slik at vi kan rotere litt på laget. Det trengst, sa Olsson etter kampen søndag.

Flo snart klar

Nestemann i køen er no Per Egil Flo. Han vart skadd då han prøvespelte for Vålerenga i vinter, og er vil heller ikkje vere klar til kampen mot Vålerenga på laurdag.

– Etter prognosen skal han sitje på benken mot Molde helga etter, seier Jakobsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Egil Flo

SNART TILBAKE: Per Egil Flo har ikkje vore på bana til no denne sesongen - men han er venta å vere snart tilbake.

Foto: Rune Fossum/NRK

Mecinevic er uviss

Makedonaren Jasmin Mecinevic vart henta på lån like før sesongstart for å tette dei mange hola skadane hadde laga i forsvaret. Han gjekk av bana med eit overtråkk i andre seriekamp, men det har teke urovekkjande lang tid å kome tilbake.

– Hevinga gjekk ned og han begynte å trene att etter ei veke, men då hovna okla opp att. No er han sendt til mr-undersøking for å finne ut om det kan vere noko anna som feilar han, seier Jacobsen.

Dermed er skadesituasjonen i Sogndal som følgjer.

Dei friskmelde:

Eirik Bakke tråkka over like før seriestart. Han vore på benken med status som delvis friskmeld til no.

Hannu Patronen var skadd heilt opp til seriestart med bruskskade i ei skulder. Spelar med tape og beskyttelse for å hindre skuldra i å gå ut av ledd.

Ahyee Aye Elvis fekk ein strekk i leggen like før seriestart. Spelte sine første minuttar på søndag.

På veg tilbake:

Per Egil Flo har slite med ein strekk under foten. Strekken har grodd, men har smerter på grunn av irritasjon i arrvevet. Sannsynlegvis på benken mot Molde 28. april.

Uviss status:

Jasmin Mecinevic tråkka over mot Hønefoss, men har vore ute lenger enn vanleg med ein slik skade. Mistanke om skade i sjølve okleleddet.

Dei langtidsskadde:

Joakim Rudolfsen vart operert for jumpers knee i november. Tilbakefall i januar. Ikkje klar før sommaren.

Thomas Ness trøttheitsbrot i okla. Har kasta krykkjene, men tvilsamt om han blir klar før sommaren.

Espen Ness Lund har fjerna brusk i kneet. Byrjar å trene med ball igjen no. Sannsynlegvis klar like før sommarferien.

Eivind Daniel Røed har vore plaga med eit beinmargsødem i skambeinet lenge. Så vidt i gang med svært avgrensa trening. Definitivt ikkje klar før sommaren.