Hopp til innhold

Har etterforska ferdig barnedødsfall

Politiet har etterforska ferdig dødsfallet til ei 13 år gamal jente i fosterheim.

Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn

ETTERFORSKA: Regionlensmann Arne Johannessen seier at politiet har avhøyrt over 40 personar i samband med etterforskinga av dødsfallet til den 13 år gamle jenta.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det stadfestar regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, overfor NRK.

– Saka er sendt til påtalemakta for vurdering og endeleg påtaleavgjerd, seier regionlensmannen.

Undersøking

Det var jenta sine biologiske foreldre som melde ein kommunelege, barnevernet og fosterforeldra til politiet etter at ei 13 år gamal jenta vart funnen død i senga si.

Over 40 personar er avhøyrde og Kripos har medverka med både etterforskingsleiing og avhøyr. .

– Saka starta som ei undersøking etter eit mistenkjeleg dødsfall. Målet vårt har vore todelt: Å avklare dødsårsaka og sjå om det har vore svikt i oppfølginga av jenta som har hatt betydning for dødsfallet, seier Johannessen.

Rask avgjerd

Johannessen vil ikkje seie kva politiet har kome fram til, utover at dødsfallet er nær knytt opp til sjukdomsbilete til jenta.

– Så er det opp til påtalemakta å vurdere om oppfølginga undervegs har vore på ein slik måte at nokon kan ha straffeansvar, anten på person eller system, seier Johannessen.

– Kor raskt vil påtalemakta bestemme seg?

– Det bør ikkje ta så veldig lang tid. Det har vore tett dialog mellom etterforskar og påtale i lengre tid, og saka er av slik karakter at den fortener ei rask avgjerd.

Har fått kritikk

Politiet har avhøyrt fleire offentlege instansar og einskildpersonar for å få eit best mogleg bilete av situasjonen rundt jenta. Sogn barnevern har siste tida fått sterk kritikk for mellom anna dårleg oppfølging av saker.

I ein tilsynsrapport konkluderte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med at jenta ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå barnevernet.

Vanskeleg sak

– Dette har vore ei vanskeleg sak for mange seier rådmann i Sogndal Jostein Aanestad.

Han seier det i denne saka er mange som sit med spørsmål dei ynskjer svar på. Han meiner det vil vere viktig for alle partar å få ei avslutning på saka.

– At politiet no er ferdige med si etterforsking kan kanskje gi svar på nokre av spørsmåla, seier Aanestad.

Louis Anda

ALVORLEG SAK: Louis Anda er advokat for dei biologiske foreldra

Foto: NRK

Louis Anda som er advokat for dei biologiske foreldra til jenta seiar han er nøgd med etterforsking som er gjort.

– Det har tatt tid, men vi har inntrykk av at etterforskinga har vore grundig og at det har vore naudsynt å bruke den tida ein har brukt. Det som har vore viktig å få avklart er kva som var årsaka til at jenta døydde. Det meiner vi er knytt til sjukdomsbilete hennar. Det neste spørsmålet vert då kvifor døydde ho av dette, seier Anda.

Advokat Ivar Blikra, som representerer fosterforeldra, ynskjer ikkje å kommentere saka.