Hopp til innhold

Barnevernet fulgte ikkje opp jente (13) sine omsorgsbehov forsvarleg

Barnevernet får skarp kritikk for oppfølginga av ei jente som var i fosterfamilie. Jenta blei funnen død i senga si i februar 2016. Fylkesmannen har ikkje kopla sakshandsamingsfeila og dødsfallet.

I samband med medieomtalen av denne saka, sende fylkeslege Per Steinar Stensland ut denne pressemeldinga torsdag 5. januar, der blant anna følgjande står:

"Vi har slått fast at barnevernet har gjort sakshandsamingsfeil, men ikkje kopla desse og dødsfallet.

Fylkesmannen vil på bakgrunn av oppslaget i Sogn Avis (og liknande oppslag andre stader) understreke at vi ikkje har teke stilling til om det er årsakssamanheng mellom sakshandsamingsfeil i Sogn barnevern og dødsfallet. Slike vurderingar er ikkje ein del av vårt tilsyn. Vi har vurdert om barnevernets oppfølging av barnets særlege omsorgsbehov var forsvarleg."

Tok ikkje bekymringsmelding på alvor

Jenta hadde ikkje fått forsvarleg oppfølging av Sogn barnevern, konkluderer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i tilsynsrapporten. I februar 2016 mista ei 13 år gamal jente livet medan ho var under omsorg av barnevernet.

Ho vart funnen død i senga si hos fosterfamilien ho hadde budd hos i to år, og obduksjonsrapporten kunne ikkje utelukke at epilepsi var årsaka til dødsfallet.

No har Fylkesmannen konkludert med at Sogn Barnevern ikkje har følgt opp barnet sine særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova.

– Kritikken handlar om at det var manglande informasjon mellom barnevernstenesta og fosterfamilie. Det andre er at dei ikkje har tatt bekymringsmeldingar frå dei biologiske foreldra, besteforeldra, underteikna og tidlegare fastlege på alvor, seier advokat for jenta sin biologiske familie, Louis Anda.

Familien har meldt barnevernet til politiet fordi dei meiner jenta ikkje fekk den helsehjelpa ho skulle hatt i forkant av dødsfallet.

Etterforskinga er ikkje avslutta.

Louis Anda

KRITISK: Advokat Louis Anda er kritisk til jobben Sogn barnevern har gjort. Han fortel at familien til jenta er letta over at Fylkesmannen har konkludert med at barnevernet sine tenester var mangelfulle.

Foto: NRK

Fylkesmannen gjorde heilomvending

I april i fjor konkluderte fylkesmannen med at oppfølginga av jenta var god nok. Advokat Louis Anda meiner etaten gjekk for fort fram i førre tilsynssak.

– Etter mi vurdering syntest det nye vedtaket å bygge på mykje av dei same forholda som sist. Men i denne runden har fylkesmannen føreteke ei svært grundig vurdering av fakta og saka i heilskap.

Advokaten fortel at familien til jenta er letta over at fylkesmannen har kritisert barnevernet for måten dei har behandla og ført tilsyn med dette barnet.

– Med det følget, meiner vi klart, at dette barnet mista livet. Det kan aldri reparerast. Men det er eit bittebittelite plaster på såret at det er sagt kven som må stå ansvarleg for at jenta mista livet, seier han.

Kommunen erkjenner tillitsbrot til barnevernet

Det har storma kring Sogn barnevern i fleire år. Tidlegare på grunn av omfattande arbeidsmiljøproblem, og nyleg på grunn av fylkesmannen sin tilsyn med etaten der dei fann mange alvorlege avvik i Sogn barnevern sin praksis.

Rådmannen fortel at dei ser svært alvorleg på saka, og seier saka rører ved alle sterkt.

– Vi ser desse sakene fullt og heilt i samanheng, seier Jostein Aanestad som er rådmann i Sogndal.

Kommunen erkjenner at barnevernstenesta har ein alvorleg tillitsbrot. Innan februar skal kommunen levere ein plan til Fylkesmannen for korleis dei skal gå fram for å bygge opp att tenesta og tilliten frå publikum.

Jostein Aanestad

RÅDMANN: Jostein Aanestad og Sogndal kommune skal levere ein plan til Fylkesmannen for korleis barnevernstenesta skal yte gode nok tenester. Saka om jenta som mista livet medan ho var i fosterfamilie skal spesifikt vere med i denne planen for at barnevernet skal unngå at dei same feila gjentek seg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ventar på resultat frå politietterforsking

Politiet si etterforsking av saka er enda ikkje ferdig. Louis Anda trur rapporten til fylkesmannen vil gå inn som viktig dokumentasjon.

– Eg vil tru og håpar på vegner av mine klientar at dette fører til at nokon, personar eller system, må ta ansvar for at denne jenta mista livet, seier advokaten.

Les også: