Hopp til innhold

Får hjelp frå avhøyrsekspertar i Kripos

Politiet får hjelp frå Kripos i etterforskinga av dødsfallet til ei 13 år gamal jente som var under omsorg av Sogn Barnevern.

Arne Johannessen

FÅR HJELP: Regionlensmann Arne Johanssen seier saka er spesiell og krevjande. No får dei hjelp frå Kripos.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det seier regionlensmann Arne Johanssen, som også er medieansvarleg i saka.

– Vi har hatt eit møte og etterforskingsleiinga er lagt til Sogndal. Vi har lagt planar for både avhøyr og ressursbruk neste veke. Vi hadde med oss Kripos på møtet, dei har sagt at dei vil kunne hjelpe til i deler av etterforskinga.

Budde i fosterheim

Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege er melde for drap etter at den 13 år gamle jenta blei funnen død i senga si. Jenta budde i fosterheim og var under Sogndal kommune sitt omsorgsansvar då ho døydde.

Foreldra og advokaten deira, Louis Anda, meiner jenta i forkant av dødsfallet hadde symptom på epilepsi. Etter det NRK kjenner til var epilepsimedisineringa trappa ned i forkant av dødsfallet.

– Det er klart at saka har ei veldig tragisk opptakt. Eit barn har døydd og det er alvorlege skuldingar mot offentlege myndigheiter. Det er klart at det tek ein på alvor. Saka har høg prioritet, og Kripos har sagt at dei vil hjelpe til. Dei har svært dyktige folk som også kan det offentlege systemet og helsevesenet godt. Så vi er glade for at dei syner interesse for saka.

– Kva Kripos-etterforskarar er det som vil delta?

– Det gjeld særleg folk med avhøyrskompetanse, det er det som er mest relevant i denne saka. Så kan det vere råd og rettleiing til etterforskingsleiinga undervegs.

– Ei krevjande sak

Lensmannen seier at dei har fire-fem politifolk på saka, i tillegg har dei knytt til seg ein ansvarleg jurist.

– Vi legg no ein plan i høve rekkefølgja på avhøyr og dei tinga som politiet skal gjere for så langt det let seg gjere å kartleggje kva som har skjedd. Meir om korleis vi legg opp etterforskinga kan eg ikkje seie, men det er politiet sin jobb å finne mest mogleg fakta.

Johannessen seier saka er spesiell og krevjande.

– Det betyr at vi må ta den på det største alvor, seier han.