NRK Meny
Normal

Har avdekka alvorlege lovbrot i barnevernet i Sogn

Sogndal kommune legg seg no paddeflate og innrømmer alvorlege lovbrot i Sogn barnevern.

Jarle Aarvoll

SÆRS ALVORLEG: – Barnevernet har ikkje følgt godt nok opp eigne vedtak i og utanfor heimen, seier Ordførar Jarle Aarvoll.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi tek dette særs alvorleg, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal (Ap).

Dei alvorlege funna går fram etter eit omfattande tilsyn Fylkesmannen har hatt med det interkommunale barnevernet.

I ei pressemelding frå Sogndal kommune kjem det mellom anna fram at barnevernet ikkje grip inn med undersøkingar og tiltak ofte nok.

– Har fått fleire uromeldingar

Rapporten slår fast at Barnevernet ikkje har vore tett nok på for å følgje opp vedtak dei sjølv har gjort.

Det kjem også fram at Barnevernet avsluttar saker utan at det finst godt nok grunnlag for det. I pressemeldinga står det at det er stor fare for at hjelpa frå Sogn barnevern vil vere mangelfull i perioden som er granska.

Ordførar Jarle Aarvoll seier han er glad for at rapporten gjev grunnlag for kva som kan gjerast med problema.

– Bakgrunnen for tilsynet er ein del uromeldingar som Fylkesmannen fekk frå mellom anna media, som gjorde at Fylkesmannen fann grunnlag for å ta eit breitt og grundig tilsyn av barnevernet.

Kva gjekk uromeldingane ut på?

– Det gjekk på arbeidsmiljøproblem. Spørsmålet til Fylkesmannen var om det var grunn til å tru at ungane ikkje fekk dei tenestene som dei skulle.

– Tek rapporten på alvor

I rapporten frå Fylkesmannen var det totalt elleve avvik.

Kva konsekvensar kan dette få for barn og andre som er tilknytta barnevernet?

– Det er eit spørsmål eg ikkje kan svare direkte på. Eg trur og håpar brukarane har fått dei tenestane dei har krav på. Vi tek rapporten på det største alvor, og det er mogleg å jobbe med funna på ein god måte.

– Har ikkje vore godt nok

Rådgjevar Line Pedersen Døsen hos Fylkesmannen seier at ho ikkje kan gå i detalj før den endelege rapporten kjem.

– Dette er ein førebels rapport, og det kan skje endringar.

Line Pedersen Døsen

FØLGJER MED: – Det er viktig for oss at Sogn Barnevern held seg innanfor lovkrava, seier rådgjevar Line Pedersen Døsen hos Fylkesmannen.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Ho seier det er vanskeleg å seie noko om arbeidsforholda i barnevernet har hatt konsekvensar for ungane.

– Vårt mandat er å seie noko om tenesteytinga og den har ikkje vore god nok, sier ho.

Ho fortel at kommunen har moglegheit til å svare på den førebelse rapporten innan 1. januar, og at den endelege rapporten skal komme innan veke 4.

– Då er jobben deira å legge ein plan for betring når det gjeld dei punkta vi har peika på.

Vegopning på Bergum i Førde kommune