– Det har gått ein del ras, men det meste av vegstengingane skuldast nedfall av skog i vegbana, opplyser avdelingssjef Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ikkje køyr no - hald deg heime
Kort oppsummert er berre riksveg 5 og E16 av dei større vegane opne.
Einaste ferjesambandet som er i drift like før klokka 23:00 er Lavik - Oppedal på E39. Både Anda - Lote og Mannheller - Fodnes er innstilt.
– Alle som har tenkt seg ut og køyre bør halde seg heime. Det er ikkje forsvarleg å leggje ut på tur no, seier Slinde.
- LES OGSÅ:
– Sjeldan at så mykje er stengt
Vegtrafikksentralen har første juledag hatt ein svært hektisk arbeidsdag.
– Det har vore stor aktivitet, og mange som ringjer og lurer på ting. Det er nok ein av dei travlaste dagane vi har hatt, seier Slinde.
– Det er uhyre sjeldan at så mykje av vegnettet er stengt, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Slik er situasjonen på vegane
Dette er situasjonen på vegane i Sogn og Fjordane klokka 23:00:
- E39 Lavik - Førde: Stengt på grunn av opprydningsarbeid
- E39 Førde - Anda (Slåttebakkane - Lien): Stengt på grunn av opprydningsarbeid
- E39 Ferjesambandet Lote - Anda: Fergesambandet er innstilt på grunn av uvêr.
- Rv5 Ferjesambandet Mannheller - Fodnes: Fergesambandet er innstilt på grunn av uvêr.
- Rv13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr
- Rv15 Måløy - Nordfjordeid, ved Måløybrua: Stengt på grunn av uvêr.
- Rv15 Strynefjellet: Stengt på grunn av uvêr.
- Rv 52 Hemsedalsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.
- Rv55 Ferjesambandet Dragsvik - Hella: Fergesambandet er innstilt på grunn av uvêr.
- Fv13 Rørvikfloten - Moskog: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
- Fv50 Hol - Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
- Fv53 Tyin - Årdal (Tyinosen - Årdal): Stengt på grunn av uvêr.
- Fv55 Sogndal - Hafslo: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
- Fv60 Byrkjelo - Stryn: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
- Fv394 Straumsnes - Tysse (Straumsnes - Tysse): Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
- Fv609 Dale ferjekai - Førde, ved Hundsåna: Stengt på grunn av steinras.
- Fv614 Grov - Stårheim, ved Isetunnelen: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
- Fv616 Ferjesambandet Oldeide - Måløy: Fergesambandet er innstilt på grunn av sterk vind.