Hopp til innhold

Har ein sjanse igjen på VM-kravet

Øyvind Strømmen Kjerpeset hadde før dagens løp to sjansar igjen til å klare VM-kravet på 400 meter hekk. No har han berre ein sjanse igjen.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

HAR FRAMLEIS TRUA: Øyvind Strømmen Kjerpeset skal gi alt på laurdag under siste løp før fristen for VM-kravet går ut for i år. Om det ikkje går vegen då heller, vil han likevel jobbe for å klare kravet neste år.

Foto: Thore-Erik Thoresen

21-åringen frå Florø sprang tysdag i Karlstad Grand Prix i Sverige, men det gjekk ikkje heilt som han hadde håpa.

Kjerpeset sprang i mål på tida 51,06. Det er eit godt stykke under hans eigen norske rekord på 49,95. VM-kravet er fire tidelar under der igjen.

– Litt surt

Hekkeløparen har denne sesongen gong på gong sprunge inn til sterke tider rundt 50 sekund, men tysdag var ikkje heilt dagen for Kjerpeset.

– Det var ikkje heilt etter planen, og eg veit ikkje heilt kvifor det vart slik. Alt vart liksom litt halvveges i dag. Det var ein del vind på bana, eg kjende meg ikkje heilt så bra som eg håpte på oppvarminga og eg klarte ikkje heilt å gire meg opp til eit kanonløp, seier han.

– Det er litt surt, men det er slikt som skjer. Det er berre å sjå framover. Eg har framleis trua.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ: Øyvind Strømmen Kjerpeset med knalltid under Florø Friidrettsfestival.

Ein sjanse igjen

Kjerpeset har framleis ein sjanse igjen før fristen for å klare kravet går ut 29. juli. Den sjansen får han under Flanders Cup i Ninove i Belgia på laurdag.

– Der får eg eit godt felt og det er ei god bane, så eg håpar at alt skal klaffe då, så kanskje det vert VM-tur, seier han.

Den unge hekkeløparen har fått mykje merksemd for prestasjonane hans denne sesongen. For hans eigen del var målet å komme med i U23-EM, som han deltok i tidlegare i sommar og, medan VM var ein draum langt der framme.

– Etter kvart vart det noko som eg nesten kunne klare. Og om eg ikkje klarar det no så er det ikkje akkurat som om eg går glipp av noko eg burde klare. Eg er berre 21 år, og eg har tenkt å drive med hekkeløp i fleire år framover.