Hopp til innhold

Øyvind knuste den norske rekorden

Øyvind Strømmen Kjerpeset regelrett knuste Atle McAdam (Tjalve) sin norske rekord på 400 meter hekk.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

REKORD: Øyvind Strømmen Kjerpeset er første nordmann under 50 sekund på 400 meter hekk

Foto: Thore-Erik Thoresen

Under Europacupen for lag i Gateshead sette Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø T&IF) solid norsk seniorrekord på 400m hekk med den sterke tida 49,98.

Dermed sletta han den norske seniorrekorden på distansen som vart halden av Atle McAdam, Tjalve og var på 50,67 sett i Florø i 2003.

– Eg seier berre wow! Eg kunne ikkje vore gladare. Det var heilt enormt. Eg er berre sjukt, sjukt nøgd, strålar han.

– Nesten mållaus

Det er nøyaktig to veker sidan han for første gang fossa inn til ei tid under 51 sekund på hekkøvinga. Då han stilte på startstreken i Gateshead i dag, var det med ein personleg rekord på 50,81. Den kom under Bislett Games.

I England punkterte han både sin eigen personlege rekord, og McAdam sin ti år gamle norske rekord. At han er i form, er det ingen tvil om.

– Det er heilt ubeskriveleg. Eg er nesten mållaus. Å klare det på ein dag som dette, er berre heilt rått, jublar han.

Raskast frå start

Kjerpeset vann sitt heat og resultatet heldt til ein 4. plass i konkurransen. Tyske Silvio Schirrmeister vann med tida 49.15. Britiske Dai Greene og Mickaël Francois frå Frankrike følgde på dei neste plassane.

Avstanden til franskmannen på tredje plass var 19 hundredelar.

– Kroppen kjendes bra og alt som må til fungerte bra. Då kjem også resultata, jublar Strømmen Kjerpeset. Som også var raskast alle ut av startblokka. 21-åringen var i gang med løpet berre 0,129 sekund etter startskotet.

– Hehe... Eg spring berre når eg må, gliser 21-åringen.

Ser mot VM-kravet

– Eg har jo skjønt at rekorden burde gå ganske greitt, og har tenkt på den når eg har sprunge. Men i dag hadde eg den berre i bakhovudet. Målet var å gjere eit skikkeleg godt løp, seier Strømmen Kjerpeset.

Først etter målpassering skjønte han kor godt løpet vart.

– Kor mykje lenger trur du at du er god for å presse ned tida i år?

– Eg trur nok eg skal klare å presse den lenger ned, men det er uråd å seie kor mykje. Men no er det 0,38 sekund til VM-kravet.

– Kort og godt fantastisk

Narve Heggheim

NØGD: Narve Heggheim.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

B-Kravet for å kvalifisere seg til VM i Moskva i August er 49,60. Her kan Norge stille med utøvarar som har klart dette kravet.

Dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane følgjer spent med.

– Øyvind sin prestasjon i Gateshead er kort og godt fantastisk og avstanden ned til VM kravet er ikkje stor. Det blir spennande konkurransar framover og det hadde sjølvsagt vore fantastisk med utøvar frå fylket på plass i friidretts VM, seier han.

Først ventar EM

– Det er snakk om 38 hundredelar, og det kan komme når som helst. Når 83 hundredelar kom i dag, så kan 38 hundredelar komme når som helst. Kvifor ikkje, gliser Strømmen Kjerpeset.

Men før eit eventuelt VM, ventar U23-EM. Draumen om ei EM-medalje kom plutseleg mykje nærare realitet etter løpet i Gateshead.

– Klarer eg det løpet her i EM, så kan det fort bli medalje, seier han.