Hopp til innhold

Kjerpeset er vidare til EM-finalen

På tida 50,10 sekund nådde Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) målet sitt, nemleg å komme til finalen i U23-EM. Når finalen går av stabelen laurdag har han store planar om å hevde seg.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

FEMTE BEST: Øyvind Strømmen Kjerpeset hadde femte beste tida blant dei åtte som gjekk vidare til finalen på 400 meter hekk under EM for U23 i Tammerfors i Finland. Han sprang på 50,10 sekund.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Florøværingen hamna på fjerde plass i sitt semifinaleheat, og kom difor ikkje direkte vidare til finalen i U23-EM i Tammerfors i Finland. Men med tida 50,10 sekund hamna han totalt på dei to heata på ein femte plass, og gjekk vidare på tid.

– Det var sesongens mål, og no som har eg klart det kan eg berre køyre på i finalen og ta det som kjem. Alt frå no av er ein bonus for meg, seier han.

Går for medalje

Finalen skal gå laurdag ettermiddag og Kjerpeset trur det vert ein svært jamn finale. Likevel satsar han på medalje.

– Eg er nummer fem på statistikken og eg har femte beste tid i semifinalen, så eg ser ingen grunn til at eg ikkje kan hevde meg i finalen.

– I morgon stiller alle på nytt, og kven som taklar den tredje 400 meter hekken på tre dagar best, og den som taklar som finalesituasjonen og alt presset som kjem med det på ein god måte, det vil vere veldig avgjerande. Eg håpar at eg skal takle alt det best av alle, seier det unge talentet.

At han skal klare det er langt frå gitt, men han vel likevel å vere offensiv.

– Sesongmålet var å komme til finale og no når eg er der og eigentleg ligg i angrepsposisjon så føler eg at alt kan skje. Eg ser ingen grunn til å vere nøgd med ein femteplass. Eg skal klinke til og så får vi sjå korleis det går.

Nærmar seg ny rekord

Nyleg tok Kjerpeset ny norsk rekord på tida 49,95. Med berre 16 hundredelar raskare løp kan han slå den, og det har han også mål om å gjere.

– Eg prøvde å slå den i dag, men det gjekk ikkje, så eg skal prøve igjen i morgon. Når eg spring denne tida her igjen for tredje gong så pleier det å komme eit kanonløp snart, så om det gjer det i morgon eller om nokre veker, det vert spennande å sjå, seier Kjerpeset.

Hekkeløparen har den siste tida vore forkjøla, men til alt hell har det ikkje øydelagd for han.

– Når eg kom i mål i går var eg akkurat blitt ganske frisk. Då sprang eg ikkje maks eingong, men eg kjende meg heilt forferdeleg når eg kom i mål. Når eg kom i mål i dag derimot, kjende eg meg bra mykje fortare, og då sprang eg maks, så eg er veldig spent på i morgon.