NRK Meny
Normal

Har du sommardekk på - sjekk føret!

I delar av Sogn og Fjordane har det kome nysnø i løpet av natta, og på ein del vegstrekningar er det ikkje tilrådeleg å køyre med sommardekk på bilen.

Askvoll 31.3. 2016

VINTER VED HAVET: Slik såg det ut i Askvoll torsdag morgon - i vest ser vi Atløy kledd i vinterdrakt.

Foto: Steinar Bauge

Det er 1. april i morgon, og mange har kanskje lagt om til sommardekk. Desse kan få seg ei overrasking om dei legg ut på tur i morgontimane utan å sjekke føret der dei skal køyre.

I Vadheim køyrde ein bil av vegen ved utgangen av Vadheimstunnelen i femtida. Utanom det har ikkje politiet fått melding om uhell der glatt føre er medverkande årsak, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes.

Snøføre i Årbergsdalen

KVITT PÅ VEGEN: Slik såg dert ut på E39 i Årbergsdalen i Gaular litt før klokka seks.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Tilrår vinterdekk

Vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen seier at det særleg i kystnære strok kan vere glatt, og han ber bilistane vere varsame.

– I løpet av nattetimane har det kome nokre sluddbyer, enkelte stader snø, så mange vil oppleve at det er kvitt på vegane. Det er framleis vinter, påska var tidleg i år. Så vi rår folk til å vere forsiktige, og bilane må vere skodde etter føretilhøva.

Han seier at sommardekk ikkje er tilrådeleg på morgonen.

– Det kan hende at føret blir betre utover dagen, men eg vil tilrå vinterdekk slik føret er mange stader i fylket. Den første og siste snøen er alltid den glattaste, seiest det. Men det er langt frå sikkert at dette blir siste snnøfallet i år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.