Hopp til innhold

Nysnø og glatt - bil i fjellveggen

Litt over klokka fem i dag tidleg fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen på riksveg 55 i Vadheim. Den kvinnelege føraren vart send til lege for sjekk.

Vadheimstunnelen

Uhellet skjedde ved utgangen av Vadheimstunnelen, bilen kom frå Høyanger. Politiet opplyser at det var eit lag med nysnø og sporete i vegbana.

Klokka 05.30 hadde folk frå brannvesenet kome fram til ulukkesstaden. Bilføraren, som var åleine i bilen, fortalde dei at ho hadde smerter i bein og rygg, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes i Politidistrikt Vest.

Klokka 05.55 kunne han opplyse at bilføraren er teken hand om av helsepersonell. I 07-tida opplyste politiet på Twitter at føraren av bilen var ein kvinne i slutten av tenåra. Ho er teken med til legevakt for sjekk og blir rekna som lettare skadd.

Vegtrafikksentralen opplyser at vegen ikkje har vore stengd på staden som følgje av uhellet. Dei oppmodar folk om å ikkje legge ut på vegen i delar av fylket i morgontimane utan at bilen er skikkeleg skodd.