NRK Meny
Normal

Har drive campingplass i årevis – har aldri sett makan

Alt tidleg i juni viser ordrebøkene at 2017 blir alle tiders sesong for Dagfinn Gytri og campingplassen ved Oldevatnet. Og han er ikkje åleine. Fylket kryr alt no av turistar.

Dagfinn Gytri

OPPOVER: Dagleg leiar Dagfinn Gytri i Gryta camping ved Oldevatnet i Stryn seier han har tru på rekord, igjen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Bestillingsboka seier at det blir meir enn nokon gong før. Eg har trua, seier Dagfinn Gytri ved Gryta camping ved Oldevatnet i Stryn.

Campinglivet ser ikkje ut til å gå av moten. Fleire campingplassar melder om stor trafikk alt første veka ut i juni. Og at vekene framover ikkje blir annleis.

Gytri trur det heller kan bli betre, at camping kjem endå meir på moten.

– Gjester har vore her for mange år sidan, no kjem barna og barnebarna, den neste generasjonen. Det går litt i arv i familiane. Så av moten, nei, det kan bli meir moten å reise på campingferie, seier Gytri.

Campingturistar kjem til camping, campingvert tek i mot turistar, turistar klatrar i Via ferrata.

VESTLANDSREVYEN: Sjå innslaget i Vestlandsrevyen om auka trafikk til campingplassane.

Heilårsturisme

Langsiktig marknadsføring og nye produkt ser ut til å lokke reiseglade. I Stryn har klatreruta Via Ferrata og den nye gondolbana Loen Skylift gjort at mange har funne turen hit i år, også frå meir utradisjonelle land.

Marknadssjef Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord gler seg over utviklinga som strekker reiselivsnæringa stadig nærmare heilårsturisme.

– Den oversjøiske marknaden veks. Kina, USA, Brasil. Vi ser indarar som leiger bil og kjem hit for å klatre i Via Ferrata. Det er ting vi ikkje har sett før, seier Vik Hauge.

Hjå Tjugen camping har Lill Berit Tjugen drive camping saman med Knut Johan Tjugen i 44 år. Og aldri sett makan.

– Eg vil seie at trafikken har auka, vi har mykje betre mai i år enn tidlegare. Mykje folk. Og vi har mange bestillingar framover, seier Tjugen,

Campinga ligg like ved stien opp til Skåla, og har også gjester som klatrar Via Ferrata.

– Denne pinsen har vi hatt ein annan type turistar, eg veit ikkje om det er Skylift eller Loen som er populært, seier Tjugen.

Knut Tjugen

MANGE REISANDE: Knut Tjugen ved Tjugen camping (arkivfoto).

Foto: Silje Guddal / NRK

God mai

Også Sande Camping, som har drive i 20 år, merkar at camping er på veg oppover. Turid Sande Beinnes and Magne Beinnes melder om gode tal.

– Ja, vi har auke, nesten alle hytter er utleigde. Vi ligg 2000 bak fjoråret, men i mai hadde vi ein auke på 20 prosent. Og fjoråret var eit rekordår. Likevel ligg vi an til å slå det.

– Det er mykje folk frå heile verda. Det følast som høgsesong, medan vi eigentleg knapt skulle ha begynt når vi ser på kalenderen.

Nye anlegg

Via Ferrata og den nye gondolbana trekk folk til området. Richard Grov i Loen Skylift seier dei i løpet av 10 driftsdagar i mai hadde 8200 besøkande på gondolbana, utanom opningshelga.

– Det er fantastisk og over all forventning. Vi skulle gjerne hatt meir parkering. Dette er kjekt, vi ser alle slags nasjonalitetar og alle slags språk og det vil gje store ringverknadar, seier Grov.

Parkeringa til Loen Skylift, 2. pinsedag 2017-

TRAFIKK: Parkeringa til Loen Skylift 2. pinsedag.

Foto: Silje Guddal / NRK

På Byrkjelo camping reknar dei med at dei vil nyte godt av trafikken til Loen.

– Det er eit trekkplaster for heile området. Vi har ganske mykje folk i helgane, men så langt har vi trafikk som tidlegare år. Eg er optimistisk, dette trekker turistar til distriktet, seier Anders Bjørkelo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.